HeimNyheiterOm lag 400 har fått AstraZeneca-vaksine i Alver

Om lag 400 har fått AstraZeneca-vaksine i Alver

Kommuneoverlege Terese Folgerø ber alle som får alvorlege biverknadar om å ta kontakt med lege.
Publisert: 15.03.2021
Sist endra: 15.03.2021

Alver kommune fekk dei første leveransane med AstraZeneca-vaksinen i veke 8. Etter dette har om lag 400 fått vaksinen.

Folkehelseinstituttet har sett vidare vaksinering med AstraZeneca på vent. Dei ber alle som er vaksinerte med AstraZeneca dei siste 14 dagane, om å ta kontakt med lege om dei opplever uventa, kraftige eller langvarige symptom.

Når skal du ta kontakt med lege?

Legemiddelverket og Folkehelseinstituttet har laga ei oversikt over symptom dei som har fått AstraZeneca-vaksinen bør vere ekstra merksame på.

Ta kontakt med lege om du får:

  • Kraftig aukande sjukdomskjensle, til dømes vedvarande og intens hovudverk og sterke smertar i kroppen, som varar i meir enn tre dagar.
  • Uforklarlege blåmerke eller små raude/blåraude prikkar som ikkje forsvinner når du trykker på dei med eit glas.
  • Teikn på slag eller annan alvorleg sjukdom.

Massevaksinasjon som planlagt

Kommunen har berre fått nokre få dosar med AstraZeneca den siste veka.

– Dei vi ikkje har brukt hittil, tar vi vare på til Folkehelseinstituttet og Legemiddelverket tar ei avgjerd på kva vi skal gjere vidare, fortel kommuneoverlegen.

Massevaksinasjonen i Nordhordlandshallen tysdag 16. mars går som planlagt.

– Ingen av dei vi har kalla inn til tysdag, skulle få AstraZeneca-vaksinen, så dette påverkar ikkje massevaksinasjonen vår denne veka. Den går som planlagt med vaksinen til Pfizer/BioNTech, fortel kommuneoverlegen.

Trykk her for å lese meir om koronavaksinasjon i Alver kommune.