Open dag på Knarvik arbeidssenter

24. november er du velkommen innom for å sjå kva arbeidssenteret vårt i Knarvik held på med.
Publisert: 26.10.2022
Sist endra: 26.10.2022

Kven er vi?

Knarvik arbeidssenter er eit dagsenter som ligg midt i Knarvik og har om lag 20 deltakarar. Som ein del av innhaldet i dagen lagar vi ulike produkt for sal. Mest tid brukar vi på produksjon av kompoststrø og ved.  

Vi utfører også ein del oppgåver for kommunen som plenklipping, transport av mat, postombering og så vidare. Mange av deltakarane er med i produksjon  av småprodukt. Vi lagar ulike ting i mellom anna tre og keramikk. I år har vi også hausta av naturen og laga saft og syltetøy av bær vi finn i skog og mark.

Tid og stad

På open dag ønskjer vi å invitere alle pårørande og andre for ein titt innom senteret. Vi viser fram litt av det vi har produsert, og det blir smaksprøver på saft og syltetøy. Det er moglegheiter til å kjøpe med seg ulike produkt, om ein vil det.

Open dag er først og fremst ein moglegheit til å få eit innblikk i livet på senteret, ein møter personalet og kan sjå seg rundt på huset og i «Strøen».

Open dag blir torsdag den 24. november mellom kl. 13.00 og 17.00.

Vi serverer kaffi og kaker.