HeimNyheiterOpnar for drop-in for vaksinedose 1

Opnar for drop-in for vaksinedose 1

– Onsdag 18. august og tysdag 24. august blir det drop-in for alle som ønskjer første dose av koronavaksina. Grip sjansen og ver med og bidra til å beskytte deg og dei rundt deg, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Desse to dagane kan alle i Alver som ønskjer å få første dose med koronavaksine komme til Nordhordlandshallen frå klokka 14:30 til 19:30 og få vaksine. Det er framleis mogleg å bestille seg vaksinetime på nett eller over telefon.

Drop-in gjeld berre for dose 1.

Framskundar dose 2

Ordføraren har og ei gledeleg melding til deg som ventar på dose 2 av koronavaksinen. Vaksineleveransane til kommunen gjer at fleire no kan få andredosen tidlegare.

– Om du har blitt sett opp med meir enn fire veker mellom dose 1 og 2, kan du no få framskunde dose 2. Ring til koronasenteret så får du hjelp til å flytte timen, seier Sekkingstad.

Koronatelefonen i Alver er open mellom klokka 08.30-11:30 og 12.15-15.00 på kvardagar.

Smittevernråda er framleis viktige

Alver kommune anbefaler folk i Alver å følgje dei lokale tiltaka som Bergen kommune innførte førre veke.

– Vi har ein del smittetilfelle i både Alver og Bergensområdet om dagen. Hugs å avgrens talet på nærkontaktar. Vi anbefaler innbyggjarar å bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand, for eksempel på bussen eller butikken, seier Sekkingstad.  


Sist oppdatert: 16.08.2021
Publisert: 16.08.2021