HeimNyheiterPositiv test ved Manger skule

Positiv test ved Manger skule

Måndag 30. august testa ein person knytt til Manger skule positivt for koronavirus.

- I dag fekk vi melding om at ein person knytt til skulen vår har fått påvist koronavirus. Vi har varsla barn, føresette og tilsette om den positive prøven. For barna er det no mogleg å teste seg ut av karantene frå dag tre, ved negativ koronatest, seier rektor ved Manger skule, Siri Øksnes.

Frå 30. august kan barn og ungdom i Alver som er nærkontaktar til ein koronasmitta komme tilbake til barnehage, skule og aktivitetar om dei testar negativt for koronavirus etter dag tre. Koronatest vert gjennomført ved koronasenteret.

Vi melde først at 32 elevar og fire tilsette var sette i karantene. Måndag ettermiddag kom følgjande oppdatering:

- Fem elevar til og to vaksne er no bekrefta som nærkontaktar til den smitta og sette i karantene. Samla er det no 37 elevar og seks vaksne som er i karantene på skulen etter at ein person knytt til Manger skule vart påvist smitta i dag, fortel rektor Siri Øksnes.


Sist oppdatert: 30.08.2021
Publisert: 30.08.2021