Redusert parkering ved Lindås bu- og servicesenter

Taket på Lindås bu- og servicesenter skal skiftast ut. I samband med dette arbeidet blir parkeringsplassen aust for senteret stengt.
Publisert: 20.09.2022
Sist endra: 20.09.2022

Arbeidet startar opp denne veka, veke 38, og er forventa å vara inntil fire månader.

I byggjetida er parkeringsplassen aust for Lindås bu- og servicesenter reservert for riggområde og parkering for entreprenøren. Denne plassen vert sperra med anleggsgjerde.

I periodar er det også redusert plass til parkering på sørsida av bygningen i samband med bruk av heisekran.

Besøkande kan parkera på hovudparkeringsplassen så lenge det er ledig, ved Krossleitet bustader dersom det er ledig, og elles langs vegen opp mot Lindås bu- og servicesenter så lenge dette ikkje er til hinder for anna trafikk.

Det er ikkje lov å parkera på nordsida av bygningen, då vegen mot hovudinngang og ambulanseinngang skal haldast open. Det er heller ikkje lov å parkera på oppmerka plassar reservert heimetenesta.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Atle Vaage i eining for eigedomsforvaltning på telefon 94 53 01 26.