Signerte avtale med kulturråd og idrettsråd
Leiar i Alver idrettsråd Olav Steinar Namtvedt, og leiar i Alver kulturråd Arild Hagenes var tysdag på rådhuset i Knarvik for signering og kake saman med ordføraren.
– Dette er ein merkedag. Råda er eit bindeledd mellom frivillige lag og organisasjoner og arbeider for best moglege vilkår for desse interessene i Alver, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad.
Alver kulturråd og Alver idrettsråd er viktige samarbeidspartnarar for kommunen innan sine ansvarsfelt. Samarbeidsavtalane blei vedteken av kommunestyret i det siste møtet før sommarferien.
– Vi gler oss stort over at samarbeidsavtalane er på plass, og ser fram til det vidare samarbeidet, fortel Sekkingstad.