HeimNyheiterSju nye har fått påvist koronavirus

Sju nye har fått påvist koronavirus

Torsdag 5. august fekk ytterlegare sju personar påvist korona i Alver kommune.
Publisert: 06.08.2021
Sist endra: 06.08.2021

Desse sju kjem i tillegg til personen som er knytt til Alversund SFO og vart meldt i går. Dette betyr at koronasenteret har registrert totalt 8 koronatilfelle torsdag 5. august.

Seks av tilfella er nærkontaktar til andre som har fått påvist koronavirus og har kjent smitteveg. Alle seks er frå same klynge.

Ein er i innreisekarantene. Den siste av dei åtte har førebels ukjent smitteveg.

Leiinga i kommunen følgjer situasjonen tett og oppmodar alle som bur og oppheld seg i kommunen om å ha færrast mogleg nærkontaktar.