HeimNyheiterSju nye koronatilfelle knytt til Alversund SFO

Sju nye koronatilfelle knytt til Alversund SFO

29 personar er i karantene etter nye koronatilfelle knytt til skulefritidsordninga på Alversund skule.
Publisert: 08.08.2021
Sist endra: 08.08.2021

Tidlegare denne veka fekk Alver kommune melding om at ein person knytt til skulefritidsordninga på Alversund skule hadde fått påvist koronavirus. Etter smittesporing og testing har ytterlegare sju personar fått positive prøvesvar.

– Vi samarbeider med koronasenteret til kommunen for å kartleggje kven som er nærkontaktar og skal i karantene. Status søndag formiddag er at 4 tilsette og 25 barn er i karantene, fortel konstituert rektor på Alversund skule, Eirin Dyngen.

Skulen har informert føresette med barn på SFO. Alle med barn som skal i karantene har fått direkte beskjed om dette, og blir kontakta av koronasenteret for test.

– SFO-tilbodet blir ope som normalt for dei som ikkje er i karantene, fortel Dyngen.

Kommunen oppmodar alle om å følgje med og ta kontakt med koronasenteret ved symptom, sjølv om dei har hatt ein negativ test tidlegare.

Totalt har ti personar fått påvist koronavirus i helga. Eitt av prøvesvara kom fredag kveld, eitt på laurdag og åtte søndag formiddag. Ni av personane er nærkontaktar til andre med påvist smitte.

 

Trykk her for å gå til sida med oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Alver kommune.