HeimNyheiterSlik får du nye posar og sekkar til avfallet ditt

Slik får du nye posar og sekkar til avfallet ditt

- Fleire gongar i veka får vi telefonar frå kundar som spør korleis dei får nye posar eller sekkar, fortel Irene Bratteng Fossheim, kommunikasjonsrådgjevar i NGIR (Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS).

- Mange nyttar framleis den gamle metoden, som var å henga ein handlepose på dunken sin. Ein tom pose for å få rull med matavfallsposar, og pose med avis oppi viss ein ønskja ny rull med plastemballasje-sekkar.

-Det er fleire år sidan vi gjekk vekk frå denne ordninga, men det er framleis mange som ikkje har fått med seg den nye metoden, seier Fossheim.

Slik gjer du det som kunde

Bossbilsjåføren legg att matavfallsposar, sekkar til plastemballasje eller posar til tekstilar ved behov. Dette er gratis og inngår i abonnementet/renovasjonsgebyret.

Fossheim forklarar korleis du som kunde gir beskjed til bossbilsjåføren om at du treng nye posar eller sekkar:

- Knyt ein pose/sekk på handtaket på dunken din. Du får ein ny rull med posar/sekkar av typen du har knytt fast i handtaket. Knyt du til dømes fast ein matavfallpose på handtaket, skjønar sjåføren at du treng ny rull med matavfallposar, og legg att dette til deg.

- Hugs å be om ny pose før den gamle rullen er tom, presiserer ho.

- Viss ein gløymer å be om ny pose før rullen er tom, kan ein spørje ein nabo om å få/låne ein pose/sekk. Alle kundar kan og få sekkar og posar på gjenvinningsstasjonane i Kjevikdalen, Mjåtveit, Liltlås og Manger. I Solund får ein nye sekker og posar på gjenbruksbutikken på Hardbakke.

Nokre burettslag har tilgang til nye sekkar/posar i posekassar. Desse posekassane fyller vanlegvis renovatørane opp når dei er på staden og tømmer avfall, men viss desse skulle gå tom, send ein e-post til kundeservice@ngir.no

Difor vart den gamle ordninga erstatta

Årsaken til at NGIR gjekk vekk frå tidlegare ordninga, var at renovasjonsselskapet innførte lilla poser for levering av tekstilar.

- Då vi innførte denne posen hadde vi ingen måte å be om ny rull av denne typen. Det vart difor avgjort at vi skulle endre metoden, forklarar Fossheim.


Sist oppdatert: 01.03.2021
Publisert: 01.03.2021