Søk om tilskot til inkluderingstiltak for barn og unge

Søknadsfrist er 18. november.
Publisert: 24.10.2022
Sist endra: 24.10.2022

Du kan no søke om midlar frå Bufdir si tilskotsordning til inkludering av barn og unge for 2023.

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om tilskot frå denne ordninga.

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking.

Tilskotsordninga skal mellom anna bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Søknadsfrist er 18. november 2022. Trykk her for å søke.

Alle søkjarar må setje seg inn i kriteria for ordninga.

Trykk her for å lese meir om ordninga på Bufdir sine sider. 

Treng du hjelp eller tips?

Ta kontakt med: