Spørjetime og politiske møte veke 48
Kva kan eg stille spørsmål om?
- Spørsmål må gjelde kommunale forhold og vere av allmenn interesse.
- Spørsmåla må ikkje vere knytt til saker under handsaming same møtedag. Her finn du sakslista for kommunestyremøtet.
- Det kan ikkje takast opp spørsmål som er unnateke offentlegheita eller er under ordinær klagebehandling.
Korleis sender eg inn spørsmål?
Spørsmål kan sendast til post@alver.kommune.no. Merk e-posten med «Spørjetime».
Frist for innsending er seinast 48 timar før møtet, det vil seie innan 24. november klokka 12.
Grunna koronasituasjonen vert spørjetimen gjennomført elektronisk. Ta kontakt med Tove Mette Fyllingen, 474 64 145 dersom du har spørsmål om gjennomføringa.
Kommunestyremøte
Måndag 23. november var eit ekstra kommunestyremøte i samband med koronasituasjon. Opptak av møtet finn du under:
Vi streamer også kommunestyremøtet frå klokka 12, torsdag 26. november. Møtet byrjar med spørjetime. Sjå sendinga under: