HeimNyheiterTilskotsordningar innan kultur og idrett

Tilskotsordningar innan kultur og idrett

Fleire tilskotsordningar innan kultur og idrett i Alver kommune har søknadsfrist 1. september
Publisert: 20.08.2021
Sist endra: 20.08.2021

Alver kommune lyser ut tilskotsmidlar prosjekt (ikkje drift) innan følgjande felt:

  • Idrett og friluftsliv
  • Musikk
  • Kunst, scene og kulturformidling
  • Kulturvern og samlingar

Vi har forbetra søknadsskjema. Ein må mellom anna logge seg på med Bank ID. Mange av felta som skal fyllast inn, er merka slik at ein ikkje kjem vidare før feltet er utfylt.

Hugs også å ha sist godkjend årsmelding, rekneskap og budsjett tilgjengeleg, slik at det kan lastast opp og sendast inn saman med søknad.

Ufullstendige søknader, søknader som kjem etter søknadsfristen og søknader som fell utanfor retningslinene for ordninga, vert ikkje handsama.

Meir informasjon om tilskotsordninga, retningsliner og søknadsskjema finn du her

Tilskot til friluftstiltak – løpande søknadsfrist

Alver kommune har ei eiga tilskotsordning til tilrettelegging av turstiar.
Ordninga skal støtta tilrettelegging og utvikling av friluftslivstiltak, og kan gjevast i form av materialar, gjerdeklyv, grinder eller benkar, eller som refusjon av utgifter. Det er løpande søknadsfrist for denne tilskotsordninga.

Ta kontakt med kulturrådgjevar Bente K. Hervik,
e-post: bente.kopperdal.hervik@alver.kommune.no,
eller tlf. 99 24 54 69 om du ynskjer å søkje på denne ordninga.

Kjapt svar – løpande søknadsfrist

Ordninga gjeld nyskapande, kreative mindre prosjekt som oppstår på kort varsel og som ikkje er ein del av normal drift og aktivitet. Det kan tildelast opp til 10.000 kroner på delegert vedtak.

Tilskotsportalen

På tilskotsportalen finn du oversikt over økonomiske støtteordningar som ditt lag eller organisasjon kan søkje på. For å ha tilgang til tilskotsportalen, må laget eller organisasjonen vera registrert med organisasjonsnummer.

Dersom ditt lag eller organisasjon ikkje har organisasjonsnummer, kan du kontakta kultureininga i Alver kommune for å få tilgang.

Kultur, idrett og frivilligheit
Rådgjevar, Eileen M. Feste
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no