Fire gode vanar som førebyggjer smitte
Her får du fire tips som kan førebyggje smitte, samt råd og informasjon frå Folkehelseinstituttet om nytt koronavirus.
Publisert:
19.04.2020
Sist endra:
19.04.2020
Her kjem fire smitte-førebyggjande tips frå folkehelseinstituttet.
- Med papirlommetørkle framfor munn og nase skjermar du andre når du hostar eller nys. Kast lommetørkleet etterpå. Vask så hendene.
- Bruk olbogekroken når du må hoste eller nyse og ikkje har papirlommetørkle for handa.
- Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk.
- Handdesinfeksjon med middel som inneheld alkohol er eit godt alternativ når du ikkje får vaska hendene, til dømes på reise.
Trykk her for å laste ned plakaten.
På Folkehelseinstituttet sine nettsider finn du råd og informasjon om koronaviruset.