HeimNyheiterUrfordringar med vasstrykk

Urfordringar med vasstrykk

Oppdatert 16. august:

– Vi ønskjer å takke alle for å ha vist moderasjon i forbruk av vatn i området Fosse, Frekhaug, Dalemarka, Sagstad, Hjertås og Holme gjennom helga også. Vi har jobba på spreng heile helga og har etter ein kjempeinnsats lagt ny råvasslinje under demninga i Kvernavatnet. Vi er tilbake i normal drift, fortel tenesteleiar for drift og vedlikehald Kjetil Spurkeland.

No kan alle bruke vatn som normalt.

– Vi takkar for tolmodigheita til alle som vart påverka av vassbrotet, seier Spurkeland.

Oppdatert 13. august:

Vi har arbeida på spreng for å løyse brotet på råvasslinja, men brotet viser seg å vere meir omfattande enn forventa.
 
Brotet ligg innvendig i fyllmassane til demninga i Kvernavatnet frå 1972 noko som gjer dette til ein omfattande og kompleks jobb som tar tid.
 
Det betyr at vi må vere varsame med forbruk i området Fosse, Frekhaug, Dalemarka, Sagstad, Hjertås og Holme gjennom helga også.

 

Oppdatert 12. august: 

Brotet i råvasslinja viser seg å vere meir omfattande en forventa.

Det vert arbeida med å utbetre dette utover dagen i dag også.

Det betyr at vi framleis må vere varsame med forbruk i området Fosse, Frekhaug, Dalemarka og Sagstad.

Vi beklagar ulempa!

Melding frå 11. august:

På grunn av brot i ei råvasslinje frå Kvernavatnet kan det oppstå variasjon på vasstrykket. 

Vi jobbar med å utbetre feilen og i mellomtida kan det oppstå variasjon i trykk i vasstilførsla.

Vi oppfordrar alle til å vere sparsam med forbruk av vatn i mellomtida i området Fosse, Frekhaug, Dalemarka og Sagstad.

Bruddet i råvanns linje viser seg og være meir omfattende en forventa.

Det arbeidast med å utbetre dette utover dagen i dag også.

Det betyr at vi må fortsatt væra varsom med forbruk i området Fosse, Frekhaug, Dalemarka og Sagstad


Sist oppdatert: 16.08.2021
Publisert: 11.08.2021