HeimNyheiterUtvida søknadfrist for stipend til kultur og idrett

Utvida søknadfrist for stipend til kultur og idrett

Vi utvidar søknadsfrist for Arbeids- og etableringsstipend kultur og idrett. Ny søknadsfrist er 28. november 2021.
Publisert: 19.11.2021
Sist endra: 19.11.2021

 Kultur

Opptil tre arbeids- og etableringsstipend skal gå til kunstnarar/kulturutøvarar, som er heimehøyrande eller driv verksemd i Alver kommune, som har inntekt frå kunstnarisk, kulturell verksemd eller er under utdanning. Stipendet skal stimulere til lokal kulturutvikling.

Stipenda skal gå til følgjande tiltak:

  • Eigenutvikling og auking av kompetanse
  • Etablering av verksemd
  • Utvikling av lokalt kulturliv
  • Aktuelle uttrykksformer er musikk, dans, scenekunst, litteratur, biletkunst, kunsthandverk og film/media.

Idrett

Opptil tre arbeids- og etablerarstipend skal gå til idrettsutøvarar, trenarar, dommarar eller idrettsleiarar som er del av, eller har bakgrunn frå og tilknyting til, idrettslivet i Alver. Stipenda skal støtte høva for å utvikle seg innan idretten, og prioritere søkjarar i aldersgruppa 15 – 26 år.

Stipendet skal gå til følgjande tiltak:

  • Eigenutvikling og kompetanseauking.
  • Kostnadar ved reise eller opphald i samband med trening utanfor kommunegrensene.
  • Utvikling av lokalt idrettsliv
  • Kostnadar ved utstyr eller omfattande individuell reiseverksemd ved nasjonale og internasjonale meisterskap.

For begge stipendordningane:

Begge stipendordningane har ei øvre grense på kr 30 000.

Stipenda kan søkjast i samarbeid med idrettslag, musikklag og liknande.

Kulturstipenda skal delast ut etter ei vurdering av kunstnarisk innhald, gjennomføringsevne og verdi for det lokale kulturlivet.

Søknadar skal innehalde ein plan for tiltaket og bruken av stipendet, CV og døme på tidlegare arbeid. Idrettsstipenda skal delast ut etter ei vurdering av gjennomføringsevne og dokumenterte prestasjonar dei siste tre åra. Søknaden skal innehalde plan for tiltaket og bruken av idrettsstipenda, dokumentasjon av prestasjonar, CV og skriftleg uttale frå idrettslag og/eller særkrets eller særforbund.

Spørsmål kulturstipend

Eileen Marie Feste
Rådgjevar kultur
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Telefon: 95 76 53 92

Spørsmål idrettsstipend

Anders Olav Dale
Rådgjevar idrett
E-post: anders.olav.dale@alver.kommune.no
Telefon: 46 44 87 11