HeimNyheiterEline Storheim fekk Drømmestipendet

Eline Storheim fekk Drømmestipendet

24. mai vart Drømmestipendet delt ut til dirigenten Eline Kamilla Kongevold Storheim. Vi gratulerer!
Publisert: 25.05.2022
Sist endra: 25.05.2022

24. mai vart Drømmestipendet delt ut til dirigenten Eline Kamilla Kongevold Storheim.

Eline studerer direksjon ved Norges Musikkhøgskole og kom gjennom det særdeles trange nålauga for Drømmestipendet med hjelp av høgt fagleg nivå – men og ein strålande god søknad og ein heilt konkret draum om vegen hennar vidare.

Du kan lese meir om draumen til Eline på drommestipendet.no

Eline har sterke band til elitekorpset Manger Musikklag gjennom foreldra sine og oppveksten sin, og utdelinga av Drømmestipendet vart arrangert i samarbeid med musikklaget.

Som ein del av 100-års-jubileet deira har musikklaget lyst ut komponistkonkurransen #lydenavunge, og det var naturleg for dei å sjå Eline sin unge «stemme» i samanheng med «stemma» til dei unge komponistane.

Eline fekk difor æra av å urframføre eitt av verka frå finalen («Sakral» av Magnus Hexeberg, fødd 1998) under utdelinga.

Når vinnaren av #lydenavunge vert framført i Grieghallen 17. september vert det og Eline som svingar taktstokken.

Du kan lese meir om samarbeidet hennar med Manger Musikklag her.

Me gratulerer Eline så mykje og ønskjer lukke til med vegen vidare!

Frå venstre: Trond Olav Asperud frå Norsk Tipping, Drømmestipendvinnar Eline Kamilla Kongevold Storheim, ordførar Sara Hamre Sekkingstad og Jens Nyland frå Norsk Kulturskoleråd.