Vi inviterer ukrainarar som bur eller oppheld seg i kommunen til informasjonsmøte
Ми запрошуємо українців, що проживають або перебувають в муніципалітеті, на інформаційну зустріч
Vi vil gjerne møte deg som er busett i Alver, anten du har vore her lenge, eller du nettopp har kome til kommunen.
På møte vil du mellom anna få informasjon om korleis du får kollektiv beskyttelse, og kva tilbod og rettar du har som innbyggjar i vår kommune. Vi vil også gjerne få innspel frå deg om korleis vi kan hjelpe deg og din familie best mogleg.
Vi har med tolk.
- Tid: Måndag 11. april, klokka 16.00 – 17.30
- Stad: Kantina i Nordhordlandshallen
Program:
- 16.00 – 16.15 Vi serverer kaffe og te
- 16.15 Velkommen ved ordførar Sara Hamre Sekkingstad
- 16.25 Informasjon om busetting, NAV, helse, skule, barnehage og frivillig tilbod
- 16.40 Informasjon frå politiet
- 16.50 Påsken står for døra – kyrkjene har tilbod
- Meir kaffe, prat og spørsmål
- 17.30 Slutt for dagen