HeimNyheiterVi søker engasjerte ungdommar!

Vi søker engasjerte ungdommar!

For å kunne bli valt må du bu i Alver, og du kan vere inntil 18 år.

Det vil seie at du kan gå på skule utanfor kommunen, men du kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet,

Nominasjon og val

Ungdom kan nominere seg sjølv, eller bli nominerte av andre.

Klikk her for å nominere deg sjølv eller andre.

Frist for å nominere er måndag 13. september klokka 12.

Det skal veljast 4 representantar med vara frå lag/organisasjonar, og 3 representantar med vara frå videregåande skule (totalt 14 hovudrepresentantar og vara). 

Ungdomsskulane veljer sine representantar gjennom elevråd (totalt 16 hovud og vara).

Ungdom frå lag/organisasjon kan vere aktive i eit lag eller ein ungdomsklubb, og bli nominert av nokon i laget/organisasjonen/klubben. 

Ungdom fra vidaregåande kan nominere seg sjølv eller andre.  

Gjennomføring av val og påmelding til valdag

Valet blir måndag 13. september kl 18.00 i kantina i Nordhordlandshallen.

Bruk skjemaet over for å melde deg på valdagen.

Valet er organisert som eit ope allmøte der all ungdom som er busette i Alver kommune og er fødde mellom 2003 og 2008 kan møte med stemmerett. Dei nominerte vert presenterte og valet vil blir gjennomført ved skriftleg anonymt val.

Dei nominerte må sjølv delta på møtet for å bli valde.

Obligatorisk opplæring for det nye ungdomsrådet er 24. september. 

Lurer du på noko?

Ta kontakt med Robert Lorang Hansen på robert.lorang.hansen@alver.kommune.no955 22 070

Du kan og nominere ved å sende e-post eller SMS til ungdomskoordinator, Robert.


Sist oppdatert: 01.09.2021
Publisert: 01.09.2021