HeimNyheiterVi søkjer kunstprosjekt til pilot om kunst i offentleg rom

Vi søkjer kunstprosjekt til pilot om kunst i offentleg rom

Alver kommune, i samarbeid med Nordhordland kunstlag, har gleda av å invitere kunstnarar til å kome med prosjektforslag til ein pilot for kunst i offentleg rom. Søknadsfrist er 10. november.
Publisert: 26.10.2021
Sist endra: 03.11.2021

Nordhordland kunstlag og Alver kommune vil i utgangen av året produsere kunstprosjektet langs Havnevegen på Frekhaug. Til prosjektet vert ein eller fleire kunstnarar invitert ut ifrå prosjektforslag. Me er interesserte i kunstprosjekt av ulik karakter, til dømes skulptur, installasjon, interaktive verk, muralar eller liknande av synleg, visuell utforming.

Kunstprosjekta skal i hovudsak vere temporære, men med krav om varigheit mellom 1-10 år. Me har valt oss ut tre aktuelle lokasjonar for kunstprosjektet, men er opne for andre forslag langs utearealet i Havnevegen.

Alver kommune sin nærleik til Bergen gjer at mange ungdommar trekkjer inn til byen. Særleg ungdom som ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar. Med dette prosjektet vil me utvikle eit lokalt sentrumsområde til ein attraktiv plass å opphalde seg ved bruk av visuell kunst som verkemiddel, med særskilt vekt på kunst i offentleg rom.

Alver kommune, gjennom kultureininga, har samarbeidd med Nordhordland kunstlag om prosjektet beståande av utsmykkingar og kunstverkstader for ungdom. Til no har det vore mest fokus på gatekunst og etablering av lovleg graffitivegg i området og det har vore gjennomført fleire workshopar for ungdom. Framover er det ynskjeleg med eit større fokus på områdeløft og stadutvikling ved hjelp av visuell kunst.

Tiltaket på Frekhaug er eit pilotprosjekt for kunst i offentleg rom, som er ynskjeleg å vidareføre til andre stadar i kommunen. Piloten skal danne erfaringar og grunnlag for arbeid med framtidige strategiar og tiltak innan feltet, og er forankra i Strategi og styringsdokument for Alver.

Dette tilbyr vi:

Kunstprosjektet vert produsert av Alver kommune og Nordhordland kunstlag med finansiering frå KORO og Kulturtanken. Vi tilbyr kvar kunstnar/prosjekt eit produksjonsbudsjett på inntil 100 000,- som skal inkludere honorar og materiale.

Produksjonsperioden er kort og er planlagt gjennomført i løpet av november og desember 2021. Det er mogleg å forlenge perioden for å sikre ferdigstilling.

Alver kommune har ikkje mange døme på kunst i offentleg rom, og dette er ein moglegheit til å bli godt synleg i «bybiletet».

Slik søkjer du:

Forslaga skal innehalde ei prosjektskisse, budsjett, CV og dokumentasjon av tidlegare arbeid. Budsjettet skal syne tydeleg fordeling mellom produksjonskostnader og honorar. Send forlag som éin PDF til sigrid.fivelstad@alver.kommune.no

Søknadane vert handsama av eit utval med representantar frå tenesteområde kultur i Alver kommune, Nordhordland kunstlag og Alver Ungdomsråd.

Plassering av kunstprosjekt

Sjå bilde frå området langs Havnevegen

Utsikt til Salhus frå Havnevegen

Utsikt til Nordhordlandsbrua frå Havnevegen

Meland Sjukeheim, sansehage

Sansehage ved Meland Sjukeheim

Meland Ungdomsskule

Meland Sjukeheim

 

Meieriparken

Marihøna Barnehage

Lovleg graffitivegg

Kulturbygget Maieriet Frekhaug

BUA Frekhaug

Frekhaug Ungdomsklubb

Havnevegen

Kunst kan erstatta tre parkeringsplassar.