HjemNyheiterBli valmedarbeidar!

Bli valmedarbeidar!

Til hausten er det kommune- og fylkestingsval, og vi treng di hjelp til å ta imot røystene og rettleie veljarane.
Publisert: 25.05.2023
Sist endra: 26.05.2023

Alver kommune har behov for rundt 200 valmedarbeidarar fordelt på 21 vallokale. 

Vallokala er opne frå klokka 12:00 til 20:00 på valdagen 11. september.

Er dette noko for deg? Trykk her for å søke

Kva gjer ein valmedarbeidar?

I lokala har valmedarbeidaren oppgåver som vakt, rettleiing, avkryssing i manntal og røystemottak. Det er også behov for leiarar i lokala. 

Som valmedarbeidar må du vere førebudd på ein lang arbeidsdag med oppmøte 1 til 2 timar før opningstida, samt arbeid i lokalet etter stenging fram til alle røyster er talt opp og kontrollerte.

Førehandsrøysting

Vi treng og valmedarbeidarar til førehandsrøystinga i perioden 10. august til og med 8. september.

Førehandsrøysting på innbyggjarservice på Amfi Knarvik og på kommunehusa på Frekhaug og Manger: 

  • Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09:00–15:00
  • Torsdag kl. 12:00–18:00
  • Laurdag 26. august og laurdag 2. september klokka 10:00–15:00

Førehandsrøysting på nærsentra:

  • Lindås, Lindåshallen ved biblioteket, kvar måndag kl. 12:00–19:00
  • Vikebø, ungdomshuset UL Framsteg, kvar tysdag kl. 15:00–18:00
  • Bøvågen, Bø barnehage, kvar onsdag kl. 13:00–16:00
  • Ostereidet, Ostereidet senter, kvar torsdag frå kl 15:00–18:00

Lønn

Jobben som valmedarbeidar er lønna. 

  • Leiar i røystestyre: 5 000 kroner
  • Nestleiar og medlem i røystestyret: 4 800 kroner
  • Valmedarbeidarar: 4 000 kroner
  • Timegodtgjersle for kurs/opplæring i samband med valet: 300 kroner
  • Valmedarbeidarar under førehandsrøystinga: 250 kroner pr. time
  • Kommunalt tilsette får si ordinære timeløn.

Krav til valmedarbeidar

Alle valmedarbeidarar må vere over 18 år, og kan ikkje stå som listekandidat ved det aktuelle valet. Medlemmane i røystestyra må ha røysterett i Alver kommune.

Trykk her for å lese meir om kommune- og fylkestingsvalet