HeimNyheiterVil laget ditt arrangere aktivitet for born og unge i haustferien?

Vil laget ditt arrangere aktivitet for born og unge i haustferien?

Har ditt lag lyst til å arrangere ein eller fleire aktivitetsdagar for born og unge i Alver i haustferien?
Publisert: 07.09.2021
Sist endra: 07.09.2021

Alver kommune har midlar til overs frå sommarskule-midlane og no skal desse gå til lag og organisasjonar som ynskjer å lage eit tilbod i haustferien. 

Har ditt lag lyst til å bidra med å arrangere ein eller fleire aktivitetsdagar for born og unge i Alver, så kan du ta kontakt med avdelingsleiar Katarina Birkeland på e-post:

katarina.birkeland@alver.kommune.no før 27.september.


Aktiviteten må vere open for alle, og laga er sjølve ansvarlege for marknadsføring, påmelding og gjennomføring av aktiviteten.