Dag- og aktivitetssenter

Her har vi dagtilbod

Knarvik dagsenter

Er ope fire dagar i veka. Fredag har dagsenteret dobbel kapasitet. Dette er eit tilbod for deg som har funksjonstap.

Telefon: 96 62 65 21

Frekhaug dagsenter

Vil gje dagtilbod til både demente og andre eldre.

Telefon: 56 17 12 58

Retningslinjer

Trykk her for retningslinjer for tildeling av plass på dag- og aktivitetssenter

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.

Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.

Du kan også:

  • levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
  • sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug
Kva skjer vidare?
  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Kva kostar det?

Tilbodet kostar 199 kroner per dag. Dette inkluderer måltid og skyss.

Kva får du?
  • Du kan få plass ein til fem dagar i veka. Kor mange dagar du får tilbod om heng saman med kva du ønskjer og kva vi har kapasitet til.
  • Du får tilbod om frukost , middag og kaffi.
  • Du får aktivitets- og kulturtilbod
  • Du får tilbod om skyss. Dersom du ordnar skyss privat betaler du for dette sjølv. Utgifter til privat skyss gir ikkje avkortning i eigenbetalinga
Krav til søkjar
  • Du bur heime
  • Du må ha bruk for, nytte og glede av sosial stimulering og aktivitet i fellesskap med andre
  • Du må kunne delta i og fungere i gruppe
  • Du er fysisk mobil, eventuelt ved hjelp av forflytningshjelpemiddel
  • Du har ikkje behov for 1:1 bemanning
  • Du har ikkje vedvarande behov for skjerming for å ta i vare eigen integritet
  • Du kan ikkje nyttiggjere deg lavterskeltilbod for sosialt fellesskap og aktivitet, eller sosial arenaer i regi av frivillige
  • Du har ikkje fritidskontakt
  • Du bur ikkje i omsorgsbustad pluss

Les meir om kriteria for tildeling av dagplass i kommunen si retningslinje her.

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 07.03.2024
Publisert: 14.11.2019