Koronavaksine

Slik bestiller du time til koronavaksine

  • Over 16 år: Bestill time på nett på eitt av apoteka som vaksinerer for kommunen. Les meir om dette under.
  • Under 16 år: Ring koronasenteret på 56 37 59 00 om du vil bestille time til barnet ditt.
  • Over 75 år: Onsdag 24. august kan du få oppfriskingsdose på gamle Alversund skule. Trykk her for å bestille time. 
    Du kan også bestille time på eitt av apoteka som vaksinerer for kommunen. Les meir om dette under.

Folkehelseinstituttet anbefaler ein ny oppfriskingsdose til følgande grupper:

  • 75 år eller eldre (født i 1947 eller tidlegare) og alle sjukeheimsbebuarar - oppstart 1. juli.
  • 65 til 74 år, og personar i aldersgruppa 18 til 64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av koronavirus - planlagt oppstart 1. september.
Koronavaksine på apoteka i Alver

Alver kommune har avtale med enkelte av apoteka i Alver om koronavaksinering av innbyggjarar over 16 år.

Kort om tilbodet

  • Tilbodet er for deg over 16 år, uavhengig av kva dose du skal ta.
  • Du må forhalde deg til vaksinetypen apoteka har til ein kvar tid.
  • Det kostar ingenting å ta vaksinen på apoteket.
  • Hugs legitimasjon.
  • Merk: Alle under 30 år er anbefalt å ta Pfizer-vaksinen (Comirnaty)

Slik bestiller du time

Apoteka har ulike opningstider og ulik kapasitet. 

Klikk på lenkene under for å sjå når det er ledig time og bestill helst time på nett. Dersom det ikkje er ledige timar, sjekk eitt av dei andre eller vent til apoteket fyller på med nye ledige timar.

Vaksine til 5-11-åringar

Denne informasjonen gjeld barn som er født i årskulla 2010-2016 og barn født i 2017 som har fylt 5 år.

Vaksinasjon av barn er den enkelte sitt val. Folkehelseinstituttet gir ikkje ei tydeleg tilråding om vaksinasjon av barn, fordi risikoen for alvorleg sjukdom allereie er svært låg i denne aldersgruppa. Det er opp til kvar familie å vurdere nytten utifrå sin eigen situasjon.

5-11-åringar med alvorleg underliggande sjukdom

  • Bør ta to dosar med Pfizer (Comirnaty)
  • Det bør gå 8-12 veker mellom dosane, men lege kan anbefale kortare intervall.

Barn med alvorleg svekka immunforsvar blir anbefalt å ta tre doser. Intervallet mellom dose 2 og 3 skal vere minimum 4 veker.

Trykk her for å lese FHI sin liste med alvorleg underliggande sjukdomar.

Øvrige 5-11-åringar

  • Kan få ein eller to dosar med Pfizer (Comirnaty) dersom foreldre ønskjer det.
  • Det bør gå 8-12 veker mellom dosane.
  • Vaksinen er mest aktuell for:
    • Barn med kroniske sjukdommar (dei same som blir anbefalt å ta influensavaksinen)
    • Familiar der barn har nær kontakt med personar som har særleg behov for beskyttelse
    • Barn som har auka risiko fordi dei skal flytte til eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenster enn i Norge, eller barn som av andre grunnar er i ein utsett situasjon.
  • Behovet for vaksinedosar er redusert for dei som har hatt koronavirus.

Viktig tilleggsinformasjon

  • Barn i denne aldersgruppa får eigne barnedosar.
  • Begge føresette må samtykke skriftleg til vaksine. Trykk her for å laste ned samtykkeskjema.
  • Alle under 16 år må ha følgje av ein føresett på vaksinasjonsdagen. Den føresette må ha med ID-kort.

Slik bestiller du time

  • Vi har ikkje timebestilling på nett.
  • Ring koronasenteret på 56 37 59 00 om du vil bestille time til barnet ditt.

Her kan du lese meir

Vaksine til 12-15-åringar

Denne informasjonen gjeld ungdom som er født i årskulla 2006­–2009.

12-15-åringar med alvorleg underliggande sjukdom

  • Bør ta to dosar med Pfizer (Comirnaty)
  • Det bør gå 8-12 veker mellom dosane, men lege kan anbefale kortare intervall.
  • Dei som har hatt koronavirus blir berre anbefalt å ta ein vaksinedose.

Barn med alvorleg svekka immunforsvar blir anbefalt å ta tre doser. Intervallet mellom dose 2 og 3 skal vere minimum 4 veker.

Trykk her for å lese FHI sin liste med alvorleg underliggande sjukdomar.

Øvrige 12-15-åringar

  • Kan få ein eller to dosar med Pfizer (Comirnaty) dersom foreldre/barnet sjølv ønskjer det.
  • Det bør gå 8-12 veker mellom dosane.
  • Behovet for vaksinedosar er redusert for dei som har hatt koronavirus.

Viktig tilleggsinformasjon

Slik bestiller du time

  • Vi har ikkje timebestilling på nett.
  • Ring koronasenteret på 56 37 59 00 om du vil bestille time til barnet ditt.

Her kan du lese meir

Vaksine til 16- og 17-åringar

Denne informasjonen gjeld ungdom som er født i årskulla 2004–2005.

Om tilbodet

  • Bør ta to dosar med Pfizer (Comirnaty)
  • Det bør gå 8-12 veker mellom dosane, men lege kan anbefale kortare intervall.
  • Dei som har hatt koronavirus blir berre anbefalt å ta ein vaksinedose.
  • Personar som er født i 2004 og har fylt 18 år kan ta oppfriskingsdose 20 veker etter dose 2 om dei ønskjer det.

Viktig tilleggsinformasjon

Slik bestiller du time

Alver kommune har avtale med enkelte av apoteka i Alver om koronavaksinering av innbyggjarar over 16 år.

Apoteka har ulike opningstider og ulik kapasitet. Ikkje ring til apoteket, klikk heller på lenkene under for å sjå når det er ledig time og bestill time på nett. Dersom det ikkje er ledige timar, sjekk eitt av dei andre eller vent til apoteket fyller på med nye ledige timar.

Ny oppfriskingsdose til deg som er 75 år eller eldre

Folkehelseinstituttet anbefaler ny oppfriskingsdose for alle personar frå 75 år og oppover, (født i 1947 eller tidlegare).

  • For dei fleste blir den nye oppfriskingsdosen den fjerde vaksinedosen.
  • Dersom du har svekka immunforsvar, og har 3 dosar i din grunnvaksinasjon, vil den første oppfriskingsdosen vere din 4. dose. Den andre oppfriskingsdosen blir din 5. vaksinedose. Dersom du er i tvil, ring til koronasenteret på 56 37 59 00 for nærare avklaringar.

Du kan få oppfriskingsdosen fire månader etter du fekk forrige vaksinedose.

Har du hatt koronavirus, bør det gå minst tre veker frå du er frisk att til du får ny vaksinedose.

Slik bestiller du time

Alver kommune har avtale med enkelte av apoteka i Alver om koronavaksinering av innbyggjarar over 16 år.

Apoteka har ulike opningstider og ulik kapasitet. Ikkje ring til apoteket, klikk heller på lenkene under for å sjå når det er ledig time og bestill time på nett. Dersom det ikkje er ledige timar, sjekk eitt av dei andre eller vent til apoteket fyller på med nye ledige timar.

Onsdag 24. august kan du få oppfriskingsdose på gamle Alversund skule. Trykk her for å bestille time.

Oppfriskingsdoser til deg med alvorleg svekka immunforsvar

FHI anbefalar personar med alvorleg svekka immunforsvar som allereie har fått 3 dosar i primærvaksinasjonen sin, å ta ein oppfriskingsdose tre månader etter den tredje dosen.

Trykk her for å sjå Folkehelseinstituttet sine råd til gruppa med alvorleg svekka immunforsvar.

Dersom din behandlande lege anbefalar ein ekstra vaksinedose utover den fjerde dosen, kan du ta kontakt med koronasenteret på 56 37 59 00.

Slik bestiller du time

Apoteka har ulike opningstider og ulik kapasitet. Ikkje ring til apoteket, klikk heller på lenkene under for å sjå når det er ledig time og bestill time på nett. Dersom det ikkje er ledige timar, sjekk eitt av dei andre eller vent til apoteket fyller på med nye ledige timar.

Vaksine til gravide

Gravide har auka risiko for alvorleg koronasjukdom, spesielt i 2. og 3. trimester.

Folkehelsinstitutet anbefalar grunnvaksinasjon til alle gravide som enno ikkje er grunnvaksinert, uavhengig av trimester. Det er ikkje kunnskap som tilseier at vaksinasjon med koronavaksine i første trimester gir risiko for verken mor eller barn.

Gravide blir også anbefalt å ta oppfriskingsdosen. Dette er særleg viktig for kvinner som er gravide i 2. og 3. trimester der det har gått meir enn 20 veker sidan 2. dose, og første trimester dersom den gravide har tilleggsjukdom.

Trykk her for å lese meir om koronavaksine til gravide.

Information on corona vaccine in foreign languages
Alver koronasenter (adresse og telefonnummer)
  • Adresse: Kvassnesvegen 39 (oppmøte etter avtale)
  • Telefon: 56 37 59 00
  • Vi svarar på telefon klokka 08.30–11.30 og 12.15–15.00 på kvardagar 

Sist oppdatert: 11.08.2022
Publisert: 16.12.2020