Forureining - Støy

Støygrense

Andre retningsliner frå helsedirektoratet

Klage på støy

Kommunen ved Miljøretta helsevern behandlar klager på støy. Du kan klage dersom du vert utsett for støy som gjer deg helseproblem.

Vi tilrår at du først forsøker å ta opp saka med den som forårsakar støyen og forsøker å finne ei løysing.

Kva kan eg klage på?

Døme på kva du kan klage på
  • Støy frå tekniske installasjonar, som for eksempel varmepumper, kjøleanlegg eller ventilasjonsanlegg.
  • Støy frå bedrifter eller industri.
  • Støy frå bygg- og anleggsverksemd.
  • Støy frå idrettsanlegg.
  • Støy frå utestader, musikkanlegg og konsertar.
  • Støy frå dyr. Vi har ei eiga side om klage på hald av dyr, den finn du her.

Dersom du treng å få målt eller kartlagt støy, må du kontakte eit firma med kompetanse innan støy, akustikk og vibrasjon.

Kva kan eg ikkje klage på?
  • Klager på støy frå kommunale veger skal rettast til vegavdeling i kommunen. Gjeld det andre veger retter du klaga til Statens vegvesen. Se også Vegvesenets sine egne nettsider om veitrafikkstøy.
  • Kommunen behandlar ikkje klager på nabostøy, for eksempel støy mellom leilegheiter.
  • Støy frå menneske i offentleg rom, for eksempel frå parkar og leikeplassar etter klokka 23, rettast til politiet på telefon 02800.
  • Vi behandlar ikkje enkeltepisodar.
Kva skjer med mi klage?
  • Når vi har motteke klaga vurderer vi først om saka fell inn under vårt ansvarsområde.
  • Dersom vi behandlar saka, tar vi først kontakt med dei som forårsakar støyen. Dei fleste saker løyser seg med dialog, men vi kan stille krav om å rette opp støyforhold som fører til helseproblem.
  • Då startar vi som regel med å påleggje den som forårsakar støyen å få utført ei støymåling, for å undersøkje kor stort støyproblemet er.
  • Du som klagar vil få eit svar innan tre veker om kva vi gjer med saka
Korleis kan eg klage?

Dersom du vil klage, må du sende ei skriftleg klage, per e-post eller post. Bruk post dersom klaga inneheld personlege opplysningar. Du kan også ringe oss for å drøfte forholdet først.

Du som klagar har i utgangspunktet ikkje rett til å vere anonym, med mindre du har sakleg grunn for å vere det. Kontakt oss dersom du har spørsmål om dette.

Kontakt

Hovudsida Miljøretta helsevern

Trykk her for å komme til hovudsida til Miljøretta helsevern


Sist oppdatert: 16.09.2020
Publisert: 15.11.2019