Meldeplikt og godkjenning

Godkjenning av verksemder

Ei rekke verksemder skal godkjennast av kommunen. Søknad skal leggast fram for godkjenningsmynde når det ligg føre plan for etablering, utviding eller endring av verksemda. Dersom søknaden avdekker tilhøve som gjer at krav i forskrift ikkje vert etterlevd, kan det verte fatta vedtak om retting før etablering, utviding eller endring av verksemda. Søknaden skal sendast til Miljøretta helsevern.

Oversikt over verksemder som krev godkjenning

Meldeplikt av verksemder

Ei rekkje verksemder har plikt til å melde si verksemd til kommunen. Meldeplikta skal gjere det lettare for kommunen å utføre si tilsynsoppgåve ovanfor verksemder der det er større risiko for negativ helsepåverknad enn normalt. Melding skal sendast før oppstart eller ved vesentlige utviding eller endringar i verksemda. Dersom det er tvil om ei endring i verksemda skal meldast, skal dette takast opp med kommunen. Dersom meldinga avdekker tilhøve som gjer at krav i forskrift ikkje vert etterlevd, kan det verte fatta vedtak om retting før oppstart og utviding, eller endring av verksemda.

Meldinga skal sendast til Miljøretta helsevern.

Verksemder som krev melding

Kontakt

Hovudsida Miljøretta helsevern

Trykk her for å komme til hovudsida til Miljøretta helsevern


Sist oppdatert: 16.09.2020
Publisert: 16.09.2020