Kulturskulen

Om kulturskulen

Alver kulturskule er ein lærings- og meistringsarena, og tilbyr undervisning i musikk, teater, dans og visuell kunst for born og unge innbyggarar i kommunen vår. Tilbodet vårt er desentralisert, med tyngdepunkt på Manger, Knarvik og på Frekhaug i tillegg til barneskular over heile Alver.

Alver kulturskule føl skuleruta og har søknadsfrist 15. april, men har løpande opptak om det finnast ledige plassar. Me gler oss til å møte deg!

Kontakt oss

Telefon: 56 37 50 70
E-post: kulturskulen@alver.kommune.no
Besøks- og postadresse: Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø

Besøk oss gjerne på facebook!

Trykk her for kulturskulen si facebookside

Bildegalleri

Administrasjonen

Camilla Søderstrøm Tveit - rektor
Ann Christin Hoen
Glenn Sørskår

Våre tilbod

Musikk

Har du lyst til å lære deg å spela eit instrument, synge, spele i band eller lage musikk i eit studio? Alver kulturskule har eit breitt og godt musikktilbod for born og unge.

Blåseinstrument

Althorn

Lær deg å spela eit messinginstrument!
Kulturskulen si messingundervisning skapar eit solid grunnlag det kan byggjast vidare på resten av livet. 

Althorn er eit musikkinstrument som høyrer til messinggruppa. Instrumentet har ein litt mørkare tone enn trompet/kornett og er lett å halde. Det er eit vanlig instrument i skulekorps og brassband, men passar også til solospel og mindre grupper. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel.
Dette er eit tilbod frå 2. trinn.

Baryton/eufonium

Lær deg å spela eit messinginstrument!
Kulturskulen si messingundervisning skapar eit solid grunnlag det kan byggjast vidare på resten av livet. 
Baryton og eufonium er større enn althorn og tilhøyrer tubafamilien. Instrumentet har ein fin djup tone og er lett å spele på. Det er eit vanlig instrument i skulekorps og brassband, men passar også til solospel og mindre grupper. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel. Alt med fokus på meistring.
Dette er eit tilbod frå 2. trinn.

Fløyte

Lær deg å spela eit treblåsinstrument!
Kulturskulen si treblåsundervisning skapar eit solid grunnlag det kan byggjast vidare på resten av livet.
Fløyte/tverrfløyte er eit instrument i treblåsfamilien, sjølv om instrumentet er laga av metall. Instrumentet vert brukt til solospel, samspel i små grupper, i korps og symfoniorkester.
Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel. Samspel og konsertar er ein del av undervisninga.
Du bør ha din eigen fløyte, men du kan leige fløyte av kulturskulen.

Dette er eit tilbod frå 3.trinn

Klarinett

Lær deg å spela eit treblåsinstrument!
Kulturskulen si treblåsundervisning skapar eit solid grunnlag det kan byggjast vidare på resten av livet. 
Klarinett er eit instrumentet i treblåsfamilien. Instrumentet vert brukt til solospel, samspel i små grupper, i korps og symfoniorkester. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel.
Dette er eit tilbod frå 3.trinn.

Kornett/trompet/flygehorn

Lær deg å spela eit messinginstrument!
Kulturskulen si messingundervisning skapar eit solid grunnlag det kan byggjast vidare på resten av livet. 
Trompet og kornett er allsidige instrument, og er dei lysaste instrumenta i messingfamilien. Dei fins i korps, symfoniorkester, kammergrupper, jazz og vert ofte nytta som soloinstrument. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel.
Dette er eit tilbod frå 2. trinn.

Obo

Lær deg å spele obo!
Obo er eit instrumentet i treblåsfamilien. Instrumentet vert brukt til solospel, samspel i små grupper, i korps og symfoniorkester. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel
Dette er eit tilbod frå 3.trinn.

Saksofon

Lær deg å spele saksofon!
Saksofon er eit instrument i treblåsfamilien, sjølv om instrumentet er laga av metall. 
Saksofon vert brukt til solospel, samspel i små grupper, i korps og storband.
Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel. Samspel og konsertar er ein del av undervisninga.

Dette er eit tilbod frå 3.trinn

Trombone/basstrombone

Lær deg å spela eit messinginstrument!
Kulturskulen si messingundervisning skapar eit solid grunnlag det kan byggjast vidare på resten av livet. 
Trombone er det einaste instrumentet i messingfamilien som ikkje har ventilar. Instrumentet har ein fin djup tone og er eit tøft instrument å spele på. Det er eit vanlig instrument i skulekorps, brassband og storband, men passar også til solospel og mindre grupper. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel.
Dette er eit tilbod frå 3.trinn.

Tuba

Lær deg å spela eit messinginstrument!
Kulturskulen si messingundervisning skapar eit solid grunnlag det kan byggjast vidare på resten av livet.
Tuba er det største instrumentet i messingfamilien. Instrumentet har ein fin djup basstone. Det er eit vanlig instrument i skulekorps og brassband, men passar også til solospel og mindre grupper. Du lærer speleteknikkar tilpassa ditt nivå, notelesing, fine melodiar i ulike sjangrar, kule soloar og gøy duettspel. 
Dette er eit tilbod frå 3. trinn.

Band

Band er eit tilbod til deg som har allereie har fått opplæring i eit bandinstrument eller har erfaring i eit bandinstrument og som ønskjer å nytte ferdigheitene dine i samspel. .
I band så kan du søkje om du spelar desse instrumenta:
Gitar, piano, song, el-bass, trommesett.

Gitar

Har du lyst til å lære å spele gitar? På kulturskulen får du lære både akkordar (besifring) og melodispel (fingerspel/tab) med utganspunkt i songar og melodiar i ulike sjangrar som pop, viser og klassisk musikk.
Undervisninga er på nylonstrengar eller stålstrengar. Det vil også bli lagt opp til samspel og konsertar som ein del av undervisninga.
Elevane må ha eige instrument å øve på. Kulturskulen har utleige av gitar.
Tilbod for elevar frå 3. trinn.

El-gitar

Når du startar på el-gitar, så lærar du riff, akkordar, solospel, improvisasjon og litt teori.
For å søke på el.gitar må du har spelt akustisk gitar ei stund først.
Elevar frå 7. trinn kan søke el-gitar, sjølv om ein ikkje har spelt gitar før.
Du bør ha eigen el-gitar. Vi har utleige av instrument og gitarforsterkar.

El-bass

Har du lyst til å lære å spele el-bass? Her lærar du enkle bassgangar og korleis du skal lage dine eigne. Du lærar notar, besifring, oppbygging av akkordar og ulike sjangrar som pop, rock, vise og blues.
Bassisten er grunnsteinen i eit kvart «band» Du vil difor få moglegheit til samspel på ulike prosjekt og konsertar i kulturskulen etter kvart som du utviklar deg på el-bassen.
Tilbodet er ope for deg frå 4.trinn, anten du er nybyrjar eller har spelt ei stund. Ofte startar elevar på gitar og går over til bass etter kvart.
Kulturskulen leiger ut instrument og bassforsterkar.

Musikkproduksjon/låtskriving/komposisjon

Låtskriving

Drøymer du om å lære korleis du kan lage songar og musikk, eller har du alt laga eigne låtar, men ønskjer å lære meir om dette. Då er kulturskulen sitt tilbod «låtskriving» noko for deg. Målet er at du skal få moglegheit til å jobbe med ideane dine, få rettleiing og hjelp til å arrangere og produsere dei.
Undervisninga vert lagt opp etter nivå, bakgrunn og ønskjer. Publisering av eigen musikk på internett/sosiale media om det er interesse for det.
Undervisninga er torsdagar i Knarvik.

Tilbod for elevar frå 4.trinn.

Komposisjon og arrangering

Har du eit ønskje om å skape eigen musikk? Har du prøvd å lage eller komponere musikk på piano, gitar eller andre instrument, eller på Mac/PC? Kunne du tenkje deg å lære meir om dette? Då har vi ledig plass til deg i Alver kulturskule på vårt fag «Komposisjon og arrangering»
Undervisninga er torsdagar i Knarvik.
Tilbod for elevar frå 4. trinn.

Musikkprodukjson

Drøymer du om å lage og produsere din eigen musikk via data? Då er kanskje vårt tilbod om musikkproduksjon noko for deg? Her lærer du korleis du brukar progammet Logic Pro X (Som dei fleste profesjonelle i musikkbransjen brukar), du lærer å produsere din eigen musikk, jobbe i studio, komponere og lage eigne låtar. Undervisninga går føre seg i små grupper og vert tilpassa musikalske interesse og bakgrunn. «Instrumentet» ditt vert Mac.

Kva treng du av utstyr?
Alle elevar på ha eigen bærbar Mac headphones.
Elevane på musikkproduksjon får tilgang/lisens til programmet Logic Pro X så lenge dei er elevar i kulturskulen.
Undervisninga er torsdagar i Knarvik.
Tilbod for elevar frå 4. trinn.

Slagverk

Eleven vil i undervisninga arbeide med puls og koordinering, lære noteverdi (skrive rytme).
Det er rom for samspel etter at eleven får grunnleggjande teknikk på plass. Undervisning også på anna perkusjon enn trommesett.
Tilbod for elevar frå 3. trinn.

Strykeinstrument

Fiolin

Lær å spele fiolin!
Her lærar du å bli kjend med instrumentet. Du får innføring i melodispel, notar, rytme. Du lærar å trene gehør, stemme instrumentet, intonasjon, klang og buebruk.
Konsertar og små framføringar er ein del av det å vere elev ved kulturskulen, og er svært viktig i utviklinga av alle som spelar eit strykeinstrument. Når du er moden for det, får du tilbod om å delta fast i samspelgrupper/orkester. Samspel står sentralt og er ein del av undervisninga.
Undervisninga skjer solo og i grupper.
Tilbod for elevar frå 4. trinn.
Du kan leige fiolin hjå kulturskulen om du ikkje har.

Bratsj

Bratsj er storebror til fiolinen og er eit viktig instrument i strykeorkestra.
Du kan søkje på bratsj etter å ha spelt fiolin ei stund.
Tilbod for elevar frå 4. trinn.
Du kan leige bratsj hjå kulturskulen om du ikkje har.

Strykegruppe

Dette er eit tilbod til deg som spelar fiolin eller bratsj, og kunne tenkje deg å spele saman med andre.

Tangentinstrument

Piano

Vil du lære å spele piano?
Piano er eit allsidig instrument, og passar til musikk i mange ulike sjangrar – klassisk, pop, jazz, vise, rock og anna underhaldningsmusikk. Du kan spele åleine og ilag med andre på det same pianoet. Du kan også spele ilag med fleire piano, andre instrument, ein vokalist eller eit band.
Du lærer å bli kjent med instrumentet ved å få spele både med og utan notar, bli kjent med ulike musikkstiler, utvikle tekniske ferdigheiter og besifring. Vi ønskjer at du har glede av å spele, bli sjølvstendig og kan bruke musikken i ulike høve, også seinare i livet.
Når ein vert elev i kulturskulen, vert det forventa at eleven øver heime og at elevar under 10 år vert følgt opp av føresette heime.
Du må ha instrument heime for å kunne søkje på dette tilbodet. Eit akustisk eller elektrisk piano (el-piano) med vekta tangentar, full storleik og pedal. Kulturskulen har el-piano til leige for nye søkjarar.
Tilbod for elevar frå 2.trinn.

Kyrkjeorgel

Kyrkjeorgel er for vidarekomne elevar på piano.
Her lærer du å spele på to manualar og med beina samstundes. Du lærer å spele enkle melodiar og stykke med bass og diskantnykle. Du lærer å bli kjend med alle piper og klangar i eit orgel og korleis du brukar desse i ulike musikk.
Eleven må ha tilgang på øvingsinstrument (kyrkje).
Tilbodet er for elevar frå 6. trinn

Trekkspel

Trekkspel eller «akkordeon» er eit allsidig instrument, og vert brukt i mange ulike sjangrar – folkemusikk, gamaldans, viser, jazz, danseband, popband og klassisk musikk. Kulturskulen underviser på knappetrekkspel svensk system, men undervisninga er open for andre system og instrument som pianotrekkspel.
Her lærer du spel etter notar og gehør, får innføring i ulike rytmar, melodibass og akkordar. Du lærer nye melodiar og stykke for trekkspelsolo og i lag med andre.
Du kan få leige instrument av kulturskulen.
Tilbodet er for elevar frå 1.trinn

Song-vokal

Lær å synge

Stemma har du alltid med deg, og er det personlegaste instrumentet av alle. Å lære å synge, er å «oppdage kroppen sin» og utvikle si eiga stemme og dermed seg sjølv. Stemma er eit instrument, som må trenast og øvast på, slik at du lærer å bruke han riktig.
Hjå oss får du god rettleiing i å bruke stemma di med riktig stemmebruk, jobbe med klang, gehør og god tekstuttale (ulike språk) og lære om formidling av bodskapen i tekstane. Det vert undervist i fleire ulike musikksjangrar, også mikrofontrening, men stemmen sitt potensiale og utvikling vil stå i sentrum.
Som ein del av songopplæringa i kulturskulen skal alle elevane øve seg i fleirstemt song og det vert lagt opp til at eleven må delta i korsong eller songgruppe i løpet av skuleåret.
Tilbodet er for elevar frå 1. trinn. 

Dans

I dans er kroppen instrumentet. Gjennom dansen utviklar du koordinasjon, kreativitet, styrke, rørsle og musikalitet.
I faget dans legg vi vekt på innlæring av klassisk ballett, showdans og moderne dans, i tillegg til kreativ dans og improvisasjon. Desse dansetypane gir deg stor variasjon i stil og musikk og eit godt grunnlag for utvikling av rørsle og dans.
Dans er ein scenisk kunstart og arbeid med framsyning er ein naturleg del av å vere elev i kulturskulen.
Undervisninga skjer i grupper etter alder/klassetrinn og etter nivå/erfaring.

Tilbodet er for alle born og unge frå 4 år.

Teater

Bur det ein skodespelar i deg?
Kunne du tenkje deg å spele teater, kle deg ut, spele ei rolle og opptre for eit publikum? Då er teatertilbodet i Alver kulturskule noko for deg.
Teater er å formidle ei historie til eit publikum. Tenk å få gå inn i ei anna verd og få spele andre roller.
Undervisninga i teater fokuserer på uttrykk, kjensler, meistring, samhald og formidling.

Undervisninga skjer i grupper etter alder/klassetrinn og etter nivå/erfaring.
Dette er eit tilbod frå 1.trinn.

Visuelle kunstfag

Gleda og energien i det å skape og eksperimentere står sentralt i faget visuell kunst.
I undervisninga legg vi vekt på å utvikle kreativitet og eit sjølvstendig uttrykk. Vi gir også innføring i ulike materialar og teknikkar.
I periodar kan det vere aktuelt å samarbeide med andre elevar frå andre avdelingar i kulturskulen om ei felles utstilling.

Undervisninga går føre seg i Knarvik og på Frekhaug. Undervisninga skjer i grupper etter alder/klassetrinn og etter nivå/erfaring.

Dette er eit tilbod frå 1.trinn.

Kultursirkel - breiddetilbod

Kultursirkel er eit breiddetilbod, der elevane får eit innblikk i kulturskulekvardagen, og kva kulturskulen er. For dei minste barna er det mykje fokus på musikk og leik.
Tilbodet er det inn i 3 ulike nivå.

Kultursirkel 0

Musikk og leik
Tilbodet er for born under skulealder, 3-5 år.
I denne gruppa utforskar vi musikken sine grunnelement: lyd og rørsle. Vi syng, dansar, hoppar, snurrar, improviserar, klappar rytmar, har rim og regler, spelar instrument og leikar oss i dynamikk og tempo.
På våren har vi framsyning for føresette med utdeling av repertoarhefte.
Målet er at borna som er med, ikkje berre skal lære gjennom musikk, men oppleve å vere ein viktig og deltakande del av den.
Vil barnet ditt syngje, danse og leike med oss, så meld på!

Kultursirkel 1

For elevar i 1.- 2- trinn
Kultursirkel 1 er eit breiddetilbod, der elevane får eit innblikk i kulturskulekvardagen, og kva kulturskulen er.
Faget har fokus på musikk, rørsle og rytmar. Vi syng, spelar instrument, leikar, lyttar og lærar litt om teori, som instrumentkunnskap og noter.
Ein viktig del av faget, er også hospitering i dei ulike faga i kulturskulen, som dans, teater, kunst og instrument. Slik er det meint at elevane skal finne ut om kulturskulen har tilbod som er noko for dei, Dei kan så velje eit fagtilbod etter at skuleåret er ferdig. eller velje å gå vidare på kultursirkel 2.

Kultursirkel 2

Tilbodet er ei vidareføring av kultursirkel 1 og elevane vil og her har fokus på musikk, rørsle og rytme. Undervisninga går vidare og djupare inn i emne som song, rytmer, samspel på instrument, komposisjon, rørsle og lytting.

Tilbod 0 - 6 år

Dans

Tilbodet er for barn 4 – 5 år.
I dans er kroppen instrumentet. Gjennom dansen utviklar du koordinasjon, kreativitet, styrke, rørsle og musikalitet.
I danseklassen legg vi vekt på innlæring av klassisk ballett, showdans og moderne, samt kreativ dans og improvisasjon. Desse dansetypane gir deg stor variasjon i stil og musikk og eit godt grunnlag for utvikling av bevegelse og dans.
Dans er ein scenisk kunstart og arbeid med framsyning er ein naturleg del av å vere elev på kulturskulen.

Kultursirkel 0

Musikk og leik
Tilbodet er for born under skulealder, 3-5 år.
I denne gruppa utforskar vi musikken sine grunnelement: lyd og rørsle. Vi syng, dansar, hoppar, snurrar, improviserar, klappar rytmar, har rim og regler, spelar instrument og leikar oss i dynamikk og tempo.
På våren har vi framsyning for føresette med utdeling av repertoarhefte.
Målet er at borna som er med, ikkje berre skal lære gjennom musikk, men oppleve å vere ein viktig og deltakande del av den.
Vil barnet ditt syngje, danse og leike med oss, så meld på!

Musikk frå første stund

Tilbodet gjeld for barn 0 -2,5 år med forelder.
Det krevjast ingen musikalske forkunnskapar for å delta.
Det vert grupper etter alder.
Tilbodet vert lagt til staden der det er flest søkjarar for å sette i gang eit tilbod (i områda rundt: Frekhaug, Knarvik, Manger)
Eit viktig kommunikasjonsmiddel med dei yngste barna er musikk. Før vi lærer å snakke, uttrykkjer vi oss ved hjelp av musikken sitt språk. Musikk er bevegelse, lyd, rytme, stemningar og uttrykk. Songen styrkar det nære og viktige samspelet mellom foreldre og barn.
I alderen 3-15 mnd vert det arbeida med: Songar, rim og regler, bevegelse som gynging, roing, leik, dans og bruk av orff-instrument. Om det er elevar nok vert det grupper óg frå 1,5 – 2,5 år og vi tilpassar undervisninga til barna sin alder.

Tilbod til elevar som treng tilrettelagt tilbod

Målgruppa er barn, unge og vaksne som treng eit musikktilbod tilpassa deira livssituasjon. Det kan vere ulike diagnosar, funksjonshemmingar, sansetap - syns- og eller hørselsproblematikk, spesielle syndrom, generelle lærevanskar, sorgprosessar eller kulturelle utfordringar.
Musikkterapeuten vil nytte seg av musikalske teknikkar som improvisasjon, samspel, song, låtskriving, opplæring på instrument og ulike tilrettelagte musikkaktivitetar.
Vi ønskjer å få til eit samspel der eleven sjølv er aktiv deltakande - med utgangspunkt i dei ressursane og dei sterke sidene til eleven. Måla vert definert utifrå behova til den einskilde.
Musikkterapien kan skje individuelt eller i mindre gruppe.
Målet er å ha det kjekt og jobbe mot felles mål, som eigne konsertar og andre tilstellingar i kommunen.

Kva kostar det?

Prisar

Satsar for Alver kulturskule 2021

Per semester (½ år) Kroner
Ordinær eigendel 1.727,-
Leige av instrument/forsterkar 305,-
   

Ein får 25% søskenrabatt for barn nummer 2 og 50% for barn nummer 3 og 4, og så vidare.

OBS: Familiemoderasjonen slår først automatisk inn når ein og same føresett søkjer, og er betalar for alle i familien. Merk at dette berre gjeld for våren.

Om ein elev har fleire fag i kulturskulen så gis det automatisk 25% rabatt for fag 2 og 3, og så vidare.

Undervisningsmateriell dans og teater per semester: Kr. 50.-

Undervisningsmateriell visuelle kunstfag per semester: Kr. 150.-

Redusert eigendel

Ein kan søkje om 50% rabatt av eigendel dersom husstanden har samla inntekt på under kr 566 100,- per år, denne ordninga er avgrensa til 30 elevplassar per år. Frå 1.aug 2021 vert inntektsgrensa sett til 583 650,- 

Søknadsfrist 1.april

Trykk her for søknadsskjema for redusert eigendel

 Slik søkjer du

Registrer deg og meld deg på kurs ved å trykke her

Har du vore elev i kulturskulen før loggar du deg inn ved å trykke her

 Skulerute for kulturskulen

Kulturskulen føl grunnskulen si skulerute. 

Trykk her for skulerute skuleåret 2021/22

 Reglement

Trykk her for å sjå kulturskulen sitt reglement

 Rammeplan for kulturskulen

Trykk her for å laste ned og lese i Norsk kulturskoleråd sin rammeplan for kulturskulen.


Sist oppdatert: 02.09.2021
Publisert: 20.08.2018