Omsetjingsoppgåve og bevillingsgebyr

Storleiken på gebyret heng saman med kor mykje alkohol som vert seld. Opplysningar om alkoholsalet skal du opplyse om i omsetjingsoppgåva.

Trykk her for å sende inn omsetjingsoppgåve.

Bevillingsgebyret utgjer per år minimum 1740 kroner for daglegvarehandel og minimum 5400 kroner for skjenkestader. Satsane for bevillingsgebyret finn du i alkoholforskrifta.
Bevillingshavarar som har fleire bevillingar må sende inn omsetjingsoppgåve for kvar enkelt sals- eller skjenkestad. Fristen for innsending er 1. mars.

Ny verksemd
  • Dersom sals- eller skjenkestaden har ny bevilling med drift frå dette året skal du melde forventa omsetjing.
  • Omsetjingsoppgåva skal vera stadfesta av revisor eller lagt ved leverandørlister.
Opphør eller sal av verksemda
  • Bevillingsgebyret gjeld heilt til bevillinga blir sagt opp.
  • Dersom sals- eller skjenkestaden blir løyst opp eller blir seld, skal omsetjingsoppgåva sendas inn så snart endelege omsetjingstal er klare.
Drift på tidlegare eigars bevilling
  • Dersom du har teke over ein stad med sals- eller skjenkebevilling, må du senda oss omsettingsoppgåva innan 14 dagar etter at du har sendt søknad om ny bevilling.

Sist oppdatert: 04.08.2023
Publisert: 06.11.2019