Søkje skjenkeløyve for alkohol

Slik søkjer du om skjenkeløyve

Trykk her for å lese alkoholpolitisk plan for Alver kommune.

Last ned og fyll ut felles søknadsskjema for serverings- og skjenkeløyve.

Trykk her for å søkje serveringløyve for mat og drikke.

Før du søkjer, leit fram og gjer klar følgjande vedlegg:

  • Planteikningar som visar arealet og funksjonane i lokalet.
  • Stadfesta dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar har bestått kunnskapsprøven.
  • Firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Gjeld for deg som søkjer løyvet. Attesten må ikkje vere eldre enn 2 månader.
  • Skatteattest. Gjeld for deg som søkjer løyvet.
  • Dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar er tilsett ved skjenke- eller salsstaden.
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene.
  • Eigenerklæring der det går fram at du som søkjer har tilgang til lokala der du skal drive (leigeavtale).
  • Dokumentasjon på serveringsløyve, dersom du ikkje søkjer om dette også.
  • Dokumentasjon på at kravet om internkontroll er oppfylt.
  • Dokumentasjon på at du før oppstart har fått alle nødvendige løyver frå Mattilsynet.
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar. Eigarforholda må vere stadfesta av revisor.
Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan fire månader frå du har sendt alle nødvendige opplysningar og dokument.

Alle søknadar om salsløyve skal først til behandling i Utval for helse og omsorg. Lurar du på når utval for Helse og omsorg skal ha sitt neste møte? Trykk her for å gå til politisk møtekalender. 

MERK: Det vert ingen handsaming av søknad om skjenkeløyve, ambulerande eller einskildhøve i veke 28, 29, 30 og 31 grunna ferieavvikling.

Når kan du skjenke?

Skjenketida for alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 er alle dagar frå klokka 08.00 til 02.00 med følgjande unntak:

  • Søndagar og heilagdagar startar skjenking frå klokka 12.00.
  • Skjenketida for alkoholhaldig drikk gruppe 3 er frå klokka 13.00 til klokka 01.00 alle dagar.
Klage på vedtak

Er du ikkje nøgd med vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Har du behov for rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom vi i kommunen står ved avgjerda vår, sender vi saka vidare til Statsforvaltaren som tar ei endeleg avgjerd. 

Statsforvaltaren behandlar saka di så raskt som mogleg. Dersom det tar meir enn ein månad før du kan få svar, tar dei kontakt med deg. Dei tar også kontakt dersom dei manglar informasjon i klagen din.

Klagen sender du til: 

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug
Kva seier lova?

Sist oppdatert: 04.08.2023
Publisert: 01.08.2018