Kommuneplanen sin arealdel
Foto: Ola Moen
Slik kan du kome med innspel
Innspel til planprogrammet og arealinnspel
Alver kommune, ved plan og analyse, ber om at alle innspel til arealbruk, til dømes nye næringsareal eller bustadfelt, vert sendt inn i innspelsperioden for planarbeidet.
Innspelsperioden for planarbeidet er planlagt i same tidsrom som høyring og offentleg ettersyn av planprogrammet: juni til september 2022.
Tidspunkt for innspelsperioden blir kunngjort via avisannonsar, heimeside og sosiale media.
Orientering om rettar for deg som leverer innspel til kommuneplan
Kva skjer etter du har kome med innspel?
Eit innspel til kommuneplanen kan vere eit råd, ein ide eller eit ynskje frå innbyggjarane, og er eit viktig kunnskapsgrunnlag for kommunen. Den kunnskapen kommunen får gjennom innspela vert vurdert og vekta mot anna kunnskap og ulike omsyn.
Det er viktig å vere klar over at eit innspel til kommuneplan ikkje er ein søknad og ikkje ei enkeltvedtakssak etter forvaltningslova (fvl) § 2 b. Ved innsending av innspel til kommuneplanen er ein ikkje part i saka. Det betyr at kommunen kommuniserer på anna vis enn i vanleg sakshandsaming.
I kommuneplanprosessen gjeld følgande:
- Kommunen har generell rettleiingsplikt etter forvaltningslova § 11.
- Du har innsynsrett i plansaka sine dokument i samsvar med offentleglova.
- Du må sjølv følgje saka på kommune si nettside.
- Kommunen gjer ikkje eit eiga vedtak som gjeld ditt innspel, og du har ikkje krav på grunngjeving ut over det som går fram av plandokumenta og sakspapira.
- Du har ikkje klagerett, korkje på korleis kommunen har vurdert ditt innspel, på kommunen sitt endelege vedtak om å godkjenne planen eller på sakshandsaminga, jf. plan- og bygningslova § 11-15.
Når kommunestyret har godkjent planen er saka avslutta og innspelet ditt ferdig handsama.
Kva skjer til kva tid ?
Tidslinje
Førebels tidslinje for hovudaktivitetane i utarbeiding av kommuneplanen sin arealdel.
- Juni 2022
Oppstart av arealdelen, 1. gangs vedtak av planprogrammet til arealdelen i utval for areal, plan og miljø. Planprogrammet er ei skildring av mellom anna dei tema og utgreiingsoppgåver som skal vurderast i planarbeidet, organisering, opplegg for medverknad og framdriftsplan. - Juni-september 2022
Høyring og offentleg ettersyn av planprogrammet til arealdelen og innspelsperiode til planforslaget. Under offentleg ettersyn kan alle kome med innspel til planprogrammet. Alle innspel vert handsama og vurdert før planprogrammet vert vedteke. I tillegg vert det lagt opp til at innspelsperioden til sjølve planen, til dømes innspel på endring av arealføremål, vert gjennomført i same periode. - Oktober-november 2022
Vedtak av planprogrammet til arealdelen i kommunestyret. - Haust 2022- vår 2023
Utarbeiding av planforslaget; gjennomføre utgreiingar, analysar, samt handsame og vurdere innkomne innspel. - Før sommaren 2023
1. gangs handsaming av planforslag til arealdelen i utval for areal, plan og miljø. - Juni-september 2023
Høyring og offentleg ettersyn av planforslaget til arealdelen. Kommunen inviterer til ulike aktivitetar og møter i høyringsperioden. I denne perioden kan alle kome med innspel til planforslaget. Alle innspel vert handsama og vurdert før arealplanen vert vedteke. - Haust 2023
Vedtak av kommuneplanen sin arealdel i kommunestyret.
Organisering
Slik er arbeidet med arealdelen organisert
Utval for areal, plan og miljø er politisk styringsgruppe for arbeidet. Plan og analyseavdelinga har ansvar for å utarbeide planen i tett samarbeid med andre relevante avdelingar i Alver kommune.
Kontaktperson: Prosjektleiar Marte Hagen Eriksrud;
Marte.Hagen.Eriksrud@alver.kommune.no
Kommuneplanen
Fakta om kommuneplanen og arealdelen
Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsverktøy. Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel. 19. mai 2022 vedtok kommunestyret i Alver samfunnsdelen. Samfunnsdelen seier korleis vi vil utvikle samfunnet, kva vi skal satsa på, kva visjonar og mål vi har for framtida – og kva vi må gjere for å koma dit.
No arbeider vi med kommuneplanen sin arealdel for Alver. Arealdelen består av eit arealplankart, føresegner (bestemmelser) og ei planskildring. Planen seier korleis vi skal utvikle areala våre, kva vi skal leggje til rette for kor i kommunen. Til dømes kor vi skal byggje nye hus, vegar, møteplassar og næring. Arealdelen skal sikre at arealbruken i kommunen bidreg til å bygge opp under mål og strategiar i samfunnsdelen.
Arealdelen til kommuneplanen er juridisk bindande.
I tida fram til Alver kommune får ny kommuneplan er det dei eksisterande overordna planane i dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy som gjeld. Desse er no kommunedelplanar i Alver.
Trykk her for meir informasjon om desse planane.
Kunnskapsgrunnlag
Her vert relevant kunnskapsgrunnlag for planarbeidet lagt ut.
Trykk her for generell statistikk og kunnskapsgrunnlag.
Mulighetsstudie - Nær- og lokalsentra i Alver