HjemPlan, bygg og eigedomHjelp før du søkjer

Hjelp før du søkjer

Byggesaksvakta

Før du går i gang med eit byggeprosjekt, kan det vera nyttig å ta kontakt med oss for å få rettleiing. Ettersom det er mange som ringer til oss, vil kvar rettleiing vare opp til ca. 10 minutt. Du kan ringe oss på telefon 56 37 50 00

Du kan også sende ei henvending til byggesak. Trykk her for å komme til skjemaet.

Vi gjer merksam på at søknader skal sendast til post@alver.kommune.no og ikkje til byggesaksvakta.

Byggesak har rettleiing på telefon og ved personleg oppmøte. Vi har flytta drop-in-tilbodet vårt frå Amfi Knarvik til kommunehuset på Frekhaug. 

Vi ønskjer å hjelpe flest mogleg, og har difor avgrensa tid for kvar samtale. Treng du meir detaljerte avklaringar, kan du be om førehandskonferanse. 
Sjå informasjon om det her.

Adresse og opningstid:

  • Havnevegen 41 A, 5918 Frekhaug
  • Opningstid:
    • Tysdag og torsdag
    • Klokka 09.00-15.00, med unntak av klokka 11.30-12.00
    • Telefon: 56 37 50 00

Kva hjelper byggesaksvakta meg med?

Byggesaksvakta svarer på generelle spørsmål om byggesøknader og gir rettleiing om kvar du finn:

  • Naudsynt informasjon
  • Regelverk
  • Riktig søknadsskjema
  • Behov for situasjonskart
  • Krav til teikningar


Kva hjelper ikkje byggesaksvakta meg med?

Vi kan ikkje teikne, prosjektere eller fylle ut søknaden din. Dette er på grunn av at kommunen ikkje kan handsame søknader som den sjølv har bidratt med å fylle ut. Vi kan forklare kva slags informasjon som blir etterspurt i søknadsblankettens enkelte poster.

Vi kan ikkje rettleie i pågåande byggesaker. Har du spørsmål til ei pågåande byggesak er det sakshandsamar i den aktuelle saka du må forhalde deg til.

Vi kan ikkje gje deg eit konkret estimat på prisen på din byggesøknad. Dette vil avhenge av om det er naudsynt med dispensasjon, mangelbrev m.m.

Hjelp til å ferdigstille søknaden?

Om du ynskjer at nokon skal sjekke kvaliteten på søknaden eller hjelpe til å ferdigstille søknaden, må du kontakte fagfolk. Viss du synast heile søknadsprosessen er vanskeleg vil vi anbefale deg å kontakte eit ansvarleg føretak (byggmeister / arkitekt) som kan hjelpe deg med dette. Det vil spare deg for mykje tid og eventuelle problem i søknadsprosessen.

Vi gjer merksam på at ved mangelfulle søknader vil det oppstå ekstra kostnader og lengre sakshandsamingstid. Vi anbefaler at det blir gjort ein grundig jobb med søknaden før den blir sendt inn, slik at sjølve handsamingsprosessen går raskare.

Nyttige ressurssider

DIBK (Direktoratet for byggkvalitet)
Du finn tips og råd hos DIBK til kva du bør undersøkje før du set i gang. 

Nordhordlandskart

På Nordhordlandskart finn du planar som gjeld din eigedom samt mange andre opplysningar knytt til din eigedom.

Trykk her for opplysningar knytt til eigedom

Trykk her for generelle tema knytt til Alver kommune 

Gebyr

Lurer du på kva det kostar for ein søknad? 

Trykk her for gebyrregulativ for 2024.

Generelt om tidsfristar i byggesøknader

Dei fleste søknader har ei handsamingstid på 12 veker. Dette gjeld rammesøknader, eit-trinnsøknader og endringssøknader.

For dispensasjonssaker går ikkje 12 vekers fristen i den perioden søknaden ligg til uttale hjå regionale/statlege myndigheiter.
Nokre søknader kvalifiserer til 3 vekers handsaming. Dette gjelder endringssøknader som er i samsvar med planar og lov, som ikkje krev samtykke eller uttale frå anna myndigheit, og der det ikkje er komme inn nabomerknadar.
Dette gjeld for eitt-trinnssøknader etter § 20-4.

Igangsettingssøknad, søknad om midlertidig bruksløyve og søknad om ferdigattest har 3 vekers sakshandsamingsfrist.

Førehandskonferanse

For spørsmål utover det som kan avklarast i byggesaksvakta, kan du bestille førehandskonferanse. Sakshandsamar vil ta kontakt med deg og avtale tidspunkt for gjennomføring.

Trykk her for å bestille førehandskonferanse.

Vil du snakke med sakshandsamaren din?

Byggesaksvakta kan ikkje rettleie i pågåande byggesaker. Har du spørsmål til ein pågåande byggesak er det sakshandsamar i den aktuelle saka du må forhalde deg til.

Ta kontakt med innbyggjarservice på telefon 56 37 50 00 og spør etter din sakshandsamar.

Innsending av søknad

Du kan sende søknaden din til

Alver Kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: post@alver.kommune.no

Innsyn

Vil du ha innsyn i postliste, saker eller dokument?

Trykk her for innsyn

Du kan også nytte Nordhordlandskart og velgje «Sak i kart» for å få opp saker som er registrert på aktuell eigedom og be om innsyn.

Trykk her for Nordhordlandskart


Sist oppdatert: 15.04.2024
Publisert: 15.02.2022