Grensejustering

Kriterium for grensejustering og søknadsskjema
  • Arealet for dei involverte eigedomane kan ved ei grensejustering aukast eller reduserast med inntil 5 prosent (maksimalt 500 m2). Det er arealet for den minste av dei involverte eigedomane som avgjer kor stort areal som kan justerast.
  • Grensejustering skal ikkje redusere eller auke verdien på nokon av eigedomane med meir enn grunnbeløpet i folketrygda (1G).
  • I tillegg til størrelsen på areala må også reguleringsmessige tilhøve vurderast. Areala som vert berørt av justeringa må vere regulert til same formål. Grensejustering mellom areal med ulike formål (til dømes veg og bustad) krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova.

Trykk her for søknadsskjema

Makeskifte

Makeskifte er ei gjensidig overføring av areal mellom to eigedomar. Areala kan vere omlag like i storleik og verdi. Ei eining kan likevel ikkje avgje areal som overstig 20 prosent av eininga sitt areal før justeringa.

Panterett fell bort i areal som vert avhenta frå ein eigedom ved grensejustering, og panterett i eigedom som får tillagt areal vert utvida til også å omfatte dette.

Kven kan rekvirere grensejustering?

Grensejustering kan rekvirerast/søkjast om av heimelshavar, festar, advokatar, kommunen, fylkeskommunen, staten eller andre som har fullmakt jamfør matrikkelloven § 9. I tilfelle der det er eit firma som eig eigedomen, krevjast det firmaattest av nyare dato.

Saksgang

  • Rekvisisjonen skal sendast til kommunen (ved kart og oppmåling) og skal i tillegg til rekvisisjonsskjema innehalde situasjonskart med innteikna justering av grense og eventuelt fullmaktsskjema. Hugs at heimelshavarar for begge eigedomane må underskriva rekvisisjonsskjemaet.
    Trykk her for rekvisisjonsskjema.
  • Etter at rekvisisjonen er motteken vil det bli vurdert om den er innanfor reglane for grensejustering.
  • Varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning vert sendt til heimelshavarane samt naboar til den aktuelle grensestrekninga. Partane vert varsla minimum 2 veker i forkant om ikkje anna er avtalt (jf. matrikkelforskrifta § 37).
  • Dersom nokon skal møta i staden for dei som er innkalt, må desse ha skriftleg fullmakt.
  • Det vert då halde oppmålingsforretning over arealet som skal justerast.
  • Ny grensestrekning vert merka i marka og oppmålt.
  • Det skal førast protokoll over kva som er klartlagt og avtalt ved forretninga.
  • Grensejusteringa vert ført i matrikkelen.
Matrikkelbrev

Etter at oppmålingsforretning er gjennomført, vert det utarbeid nye matrikkelbrev for eigedomane.

Matrikkelbrevet vert sendt rekvirentane, og utdrag av matrikkelbrev vert sendt til dei berørte partane. Alle partar har 3 vekers klagefrist frå ein har motteke matrikkelbrevet/utdrag av matrikkelbrev.

Prisar

Trykk her for gebyrregulativ for 2024.

Sende søknad

Når søknaden er klar, skal den sendast til:

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

Du kan og levere søknaden på eitt av våre kontor for innbyggjarservice, anten i Knarvik, på Frekhaug eller på Manger.


Sist oppdatert: 27.06.2022
Publisert: 06.12.2019