Faktafredag

Folkehelseundersøkinga 2022

Resultata frå folkehelseundersøkinga som Vestland fylkeskommune gjennomførte i vår er no publisert.

Trykk her for å lese heile rapporten

Trykk her for å sjå presentasjon av rapporten.

Over 11 000 tilfeldig valde innbygjarar i Nordhordland* blei inviterte til å vere med på undersøkinga, og av desse svarte om lag 3600 (31%).

Deltakarane blei spurte om levevanar (kosthald, røyking, fysisk aktivitet osv.), helse og trivsel (fysiske og psykiske plager, livskvalitet osv.) og eigenskapar ved nærmiljøet sitt (tilgang på tenester og aktivitetstilbod, støy osv.).

To av tre har god helse

Om lag 70 prosent svara at dei har god eller svært god helse. Nordhordland ligg i det nedre sjiktet av regionane i fylket, men det er små (ikkje signifikante**) skilnadar regionane imellom. Ein tredel av dei spurte vurderer altså eiga helse som ikkje god.

Dei som vurderer eiga helse som god er svært lik på tvers av alder, men det er betydelege skilnadar mellom grupper av ulikt utdanningsnivå***. For innbyggjarar med meir enn fireårig høgare utdanning svarar 80 prosent at dei har god helse. For dei med grunnskule som høgste utdanningsnivå svara under 60 prosent det same. Tilsvarande mønster gjeld for tannhelse.

I rapporten (side 69-84) kan du sjå korleis innbyggjarane svara på spørsmål om mellom anna førekomsten av skadar, korsrygg- og nakkesmerter, fedme, funksjonsnedsetting og søvnkvalitet.

Få fysisk aktive, men også få «stillesitjarar»

21 prosent av nordhordlendingane svara at dei er fysisk aktive minst 30 minutt fire dagar i veka. Det er lågast blant regionane i fylket.

Likevel er ikkje nordhordlendingane blant dei som rapporterer om mest «stillesitjing» i kvardagen. Det heng gjerne saman med utdanningsnivået og yrkessamansetjinga i regionen. Høgt utdanna personar, som det er relativt få av i Nordhordland, rapporterer om fleire stillesitjande timar enn innbygjarar med lågare utdanningsnivå, som har meir fysiske yrke.

I rapporten (side 91-112) finn du svara på spørsmål om andre levevanar; som inntak av frukt og grønsaker, inntak av fisk, samt tobakk- og alkoholbruk. Det er små skilnadar mellom regionane i fylket og Nordhordland utmerkar seg ikkje særleg, verken i positiv eller negativ retning.

Generelt samvarierer gode levevanar med utdanningsnivå og alder. Høgt utdanna har sunnare levevanar enn lågt utdanna, og eldre har sunnare levevanar enn yngre. Det eine unntaket er for alkoholbruk; høgt utdanna drikk meir alkohol enn lågt utdanna. Og eldre drikk meir alkohol enn yngre.

Mest psykiske plager blant kvinner, unge og lågt utdanna

Om lag 40 prosent av dei spurte nordhordlendingane svara at dei opplever «høg sosial støtte», det er høgare enn i fylket under eitt.

11 prosent av nordhordlendingane svara at dei er einsame. Det er tilsvarande nivå som i dei andre regionane i fylket. Også på spørsmål om psykiske plager, kor nøgde ein er med livet og kor optimistisk ein ser på framtida, svara nordhordlendingane på nivå med resten av fylket.

Psykiske plager og opplevinga av einsemd samvarierer med alder og utdanningsnivå. Innbyggjarar med låg utdanning rapporterer om meir psykiske plager og einsemd enn innbygjarar med høg utdanning. Og unge rapporterer om meir psykiske plager og einsemd enn eldre****.

Både psykiske plager og einsemd er meir utbreidd blant kvinner enn blant menn, trass i at kvinner rapporterer om høgare grad av sosial støtte enn menn.

For spørsmåla om kor nøgd ein er med livet og kor optimistisk ein ser på framtida er det små eller ingen variasjon mellom alder- og utdanningsgrupper.

Trivs i nærmiljøet

Spørsmåla som handlar om kultur- og idrettstilbod er der nordhordlendingane skil seg mest frå innbyggjarane i andre regionar.

30 prosent av nordhordlendingane svara at det tilgjengelege kulturtilbodet var godt eller svært godt. I dei andre regionane svara mellom 54 og 85 prosent det same.

Når det gjeld tilgang til idrettstilbod svara 56 prosent av nordhordlendingane at dette var godt, medan tilsvarande andel var mellom 72 og 85 prosent i dei andre regionane.

Også tilgang til butikkar og servicetilbod blir vurdert som betydeleg dårlegare i Nordhordland enn i dei andre regionane. Det same blir gang- og sykkelvegane.

Derimot får tilgang til natur- og friluftslivskvalitetar betre skussmål. Nesten 90 prosent vurderer tilgang til kystlinje/strand/sjø som god.

Trass i at mange av lokalsamfunnskvalitetane blir vurderte som svake, er andelen som svarar at dei trivs i nærmiljøet likevel på 70 prosent. Det er rett nok i det nedre sjiktet av regionane i fylket, men det er små skilnadar regionane imellom.

Trivsel i nærmiljøet samvarierer med alder; jo eldre innbyggjarane er, jo betre trivs dei der dei bur.

  •  *Resultata er publiserte på region-, og ikkje kommunenivå. Alver utgjer om lag 85 prosent av innbyggjarane i Nordhordland.
  • ** At skilnadane mellom regionane ikkje er statistisk signifikante, betyr at skilnadane ein observerer i utvalet ikkje er store nok til at ein kan rekne med at dei reflekterer reelle skilnader mellom regionane i fylket.
  • ***Alle skildringar av variasjonar mellom alder- eller utdanningsgrupper er basert på tal for heile Vestland fylke, og ikkje for Nordhordland åleine.
  • **** Ungdata-undersøkinga, som blir gjennomført blant ungdomsskuleelevar i heile landet, viser at Alver er blant kommunane med høgst førekomst av psykiske plager blant ungdom. Det kan du lese meir om i menypunktet lenger nede på sida i menypunktet: «Kva fortel Ungdata 2021 om Alver- ungdommen?»
Sterk vekst i 2. kvartal

Statistisk sentralbyrå (SSB) har publisert tal for folketalutviklinga i 2. kvartal 2022.

Trykk her for figurar som syner utviklinga i 2. kvartal isolert.

Trykk her for figurar som syner utviklinga for 1. og 2. kvartal summert.

Høg tilflytting og innvandring

Innbyggjartalet i Alver vaks med 117 personar i løpet av 2. kvartal i 2022. Vi må tilbake til 2016 for å finne år med sterkare folketalsvekst i tilsvarande kvartal. Høg tilflytting er den viktigaste årsaka til den sterke veksten dette kvartalet.

Fødselsoverskotet var på 7 personar (67 fødte og 60 dødsfall). Det er med god margin det lågaste fødselsoverskotet i Alver på (minst) 20 år.

Den viktigaste årsaka er at talet på dødsfall er høgare enn nokon gong tidlegare, men fødselstala er også relativt låge.

Til gjengjeld var både flytte- og migrasjonsstraumane positive for Alver sin del. Netto innanlandsk flytting var på 53 personar. Vi må tilbake til 2016 for å finne høgare tal i tilsvarande kvartal.

Nettomigrasjon var på 57 personar (72 innvandringar og 15 utvandringar). Sidan tusenårsskiftet er det berre to år, i 2008 og i 2010, at nettomigrasjon til Alver har vore høgare. Truleg er høg innvandring frå Ukraina ein viktig årsak til den høge innvandringa dette kvartalet.

Overgår årets folketalsframskriving

Det førre innlegget i denne spalta handla om folketalsframskrivingane som SSB la fram i sommar. Halvvegs i 2022 ser det ut til at SSB har vore for forsiktige med sine forventningar til inneverande år.

Halvvegs i året har Alver vakse med 191 innbyggjarar, medan framskrivinga legg opp til 132 for året under eitt. Årsaka er at føresetnadane til innanlandske flyttestraumar og migrasjon er for låge. I framskrivinga er nettoflyttinga for 2022 sett til -4, medan vi til no har 106. Nettomigrasjon er sett til 63 i framskrivinga, medan vi har 78 til no i år.

På den andre sida kan det sjå ut til at framskrivingane er i overkant optimistiske med omsyn til fødselstala. I følgje framskrivinga skal vi ha 275 fødte ved utgangen av året. Etter at halve året er unnagjort har vi berre 123, og fødselstala er vanlegvis høgare på våren enn om hausten.

30 000 innbyggjarar i 2026

Statistisk sentralbyrå (SSB) har publisert nye folketalsframskrivingar for kommunane.

Statistikken viser at Alver kommune vil runde 30 000 innbyggjarar i 2026. Om tjue år, i 2042, er vi 32 000 innbyggjarar.

Samanlikna med framskrivinga SSB gjorde i 2020, er framskrivingane i år justert noko ned. Den viktigaste årsaka til det, er at forventningane til tilflytting frå andre kommunar er justert ned.

Fleire eldre og færre barn

Trykk her for å sjå figurar om den venta folketalsutviklinga i Alver.

Sjølv under åra med sterk tilflytting og innvandring (perioden 2007 til 2016), auka gjennomsnittsalderen i Alver kvart år. Men til no har ikkje aldringa slått særleg ut i dei eldste aldersgruppene.

Medan talet på innbyggjarar over 85 år auka med berre 11 prosent dei siste ti åra, vil denne gruppa vekse med 60 prosent dei neste ti åra.

Om tjue år har vi tre gonger så mange innbyggjarar i denne aldersgruppa som vi har i dag. Her finn vi også ein del av forklaringa på kvifor folketalsveksten er venta å bli svakare i åra som kjem enn i åra vi har bak oss: For kvart år vil det bli fleire dødsfall.

Samstundes ventar SSB mindre barnekull, slik at det om ti år bur 800 færre barn (0-19 år) i Alver enn det gjer i år. Ein nedgang på om lag 10 prosent.

I den delen av befolkninga som potensielt kan inngå i arbeidsstyrken, (aldersgruppa 20 -70 år), er det venta ein vekst på om lag 700 personar - eller fire prosent, dei kommande ti åra. Men også internt i denne gruppa er veksten konsentrert blant dei eldste, altså dei over 60 år. Yrkesdeltakinga i denne gruppa blir dermed avgjerande for kva arbeidsstyrke Alver vil ha til rådvelde i åra som kjem.

Medan vi i dag har 28 innbyggjarar i aldersgruppa 20 til 70 år for kvar innbyggjar over 85 år, vil forholdstalet vere 18 om ti år og 10 om tjue år.

Korleis kom SSB fram til dette då?

Folketalsutviklinga er resultat av fem tilhøve som virkar saman, og framskrivingane er baserte på forventningar til desse:

  • Innanlands flytting (flytting mellom norske kommunar)
  • Migrasjon (flytting mellom norske kommunar og utlandet)
  • Fruktbarheit (sannsynlegheit for at ei kvinne i ein gitt alder får eit barn)
  • Dødelegheit (sannsynlegheit for at ein person i ein gitt alder døyr)
  • Aldring

Trykk her for figurar som syner SSB sine føresetnader i framskrivingane.

Det er variasjonane innan migrasjon og innanlands flytting som har størst betyding for endringar i folketalsutviklinga, og for treffsikkerheita til framskrivingane.

SSB legg til grunn at nettoflyttinga til Alver vil vere - 4 i 2022, for så å auke gradvis til å nå netto tilflytting på 30 personar om ti år. I lys av den høge nettotilflyttinga på 142 personar i fjor, virkar SSB sine forventningar låge, men dei byggjer på eit lengre tidsperspektiv som omfattar åra 2017 til 2020 då Alver hadde netto fråflytting.

Når det gjeld migrasjonsstraumane legg SSB til grunn netto innvandring på 63 personar i år, for så å falle og stabilisere seg kring 40 årleg dei neste 20 åra. Det er høgare enn gjennomsnittet dei siste fem åra, men langt lågare enn i åra mellom 2007 og 2014 då innvandringa frå dei nye EU-landa i Aust-Europa var på sitt høgste.

Fruktbarheita og dødelegheita endrar seg lite frå år til år, og bidreg slik sett mindre til usikkerheit i framskrivingane. SSB legg til grunn at levealderen vil halde fram å auke (sannsynlegheita for å dø i ein gitt alder fell).

Fruktbarheita dei kommande fem åra er venta å bli tilnærma lik dei siste tre åra, for så å auke noko mot slutten av 2020-talet. Det gir om lag 270 fødslar årleg dei neste fem åra, og deretter ein gradvis auke mot 300 om ti år. Til samanlikning blei det perioden 2010 til 2020 født 333 barn årleg i Alver.

Det siste tilhøvet, at vi blir eldre med åra, er det dessverre ingen usikkerheit ved.

Sterk tilflytting til Alver

Framleis mykje tilflytting i 1. kvartal


Trykk her for ei visuell framstilling av folketalsutviklinga i 1. kvartal 2022.


SSB publiserte i mai folketalsstatistikken for fyrste kvartal (januar-mars) 2022. Folketalet i Alver auka med 74 personar dette kvartalet. Det er noko svakare enn i fjor (104), men om lag tilsvarande som i 2020 (72). Veksten i Alver er noko høgare enn veksten nasjonalt dette kvartalet.

Sterk tilflytting

Den viktigaste årsaka til folketalsveksten er netto tilflytting frå andre norske kommunar. Denne var på 53 personar. 256 personar flytta til, og 203 flytta frå Alver dette kvartalet. Netto tilflyttinga var endå høgare i fjor (68), men elles må ein tilbake til 2014 for å finne tilsvarande høge tal som i år.

Nettomigrasjonen var på 21 personar. 30 personar innvandra til, og 9 personar utvandra frå Alver. Det er den høgste nettomigrasjonen på fem år, men variasjonane frå år til år har vore små. Det må nemnast at flyktningar ikkje blir inkludert i statistikken før dei er formelt busett i ein vertskommune. Det er såleis få Ukrainske flyktningar i migrasjonsstatistikken for 1. kvartal, og foreløpig samsvarar nok ikkje tala med faktiske tilhøve for denne gruppa.

Rekordfå fødslar og mange dødsfall

Fødselsoverskotet var nøytralt, med 56 fødslar og 56 dødsfall. Talet fødslar er det lægste på (minst) 20 år, både i Alver og nasjonalt.

Den samla fruktbarheita* til befolkninga i Noreg auka noko i 2021 etter å ha falt lenge. Men i følge SSB** ser det no ut til at 2021 blei eit annleis år også på denne måten. Etter 1. kvartal i år ligg det i alle fall an til at den samla fruktbarheita vil falle tilbake til «før-pandemisk» nivå.

Samstundes er talet dødsfall høgare enn i dei aller fleste føregåande år. Også dette gjeld både for Alver og landet elles. I følge SSB er dette delvis ein konsekvens av at befolkninga aldrast, men også at dødelegheita*** i befolkinga har auka noko etter at smitteverntiltaka blei letta.

 

*Samla fruktbarheitstal viser tal barn ei gjennomsnittskvinne får i løpet av sin reproduktive alder (15-50 år).

** Stort fall i talet på fødslar igjen etter fjorårets oppgang (ssb.no)

*** tala for dødelegheit viser dødsfall per 1000 innbyggjarar i ulike aldersgrupper. Desse fall ein del under koronapandemien, særleg blant eldre. Truleg som følgje av smittverntiltak som hindra spreiing av influensa ol.

Fleire yrkesaktive, fleire uføre


Trykk her for å sjå figurar om yrkesdeltaking og uføre.

Yrkesdeltakinga i Alver er høg. Skilnadane er små, men yrkesdeltakinga i Alver er høgare for begge kjønn i dei aller fleste aldersgrupper samanlikna med landet generelt. Sett under eitt er 77 prosent av innbyggjarane i Alver mellom 20 og 66 år i arbeid, mot 75 prosent nasjonalt.

Fleire yrkesaktive...

Mellom 2015 og 19 auka yrkesdeltakinga i alle aldersgrupper i Alver. Denne trenden virka også nasjonalt desse åra. I Alver auka yrkesdeltakinga sterkast i aldersgruppa mellom 20 og 24 år.
I 2020, då arbeidsmarknaden var sterkt påverka av koronapandemien fall yrkesdeltakinga noko tilbake, men alt i 2021 var nivået igjen høgare enn før pandemien.
Å vere i arbeid er positivt for dei fleste einskildinnbyggjarar, men yrkesdeltakinga til folkesetnaden har også stor samfunnsøkonomisk betyding. Med mindre innvandringa tek seg opp, vil veksten i talet innbyggjarar i arbeidsfør alder svekkast i åra som kjem. Å auke yrkesdeltakinga blant dei innbyggjarane vi har er såleis ein føresetnad for arbeidsplassvekst.

…men òg fleire uføre

I motsetnad til kva ein kanskje skulle tru -teke i betraktning den auka yrkesdeltakinga, har også uførheit blitt meir utbreidd dei siste åra.
Uførheit er langt meir utbreidd for personar oppunder pensjonsalder enn for yngre. Slik sett er det naturleg at det blir fleire uføre når befolkninga aldrast. Men denne aldringseffekten forklarar berre ein mindre del av auken i uføregrad dei siste åra. Den viktigaste forklaringa er at uførheit er blitt meir utbreidd på tvers av alder. Og denne tendensen er sterkare i Alver enn elles i landet. Særleg skil utviklinga i Alver seg frå den nasjonale ved at uføregrada har auka også blant dei over 55 år.
Alver har òg større del av befolkninga på arbeidsavklaringspengar -ei tidsavgrensa ordning der mange etter kvart endar med uføretrygd. Det ber bod om at uføreandelen i Alver også dei neste åra vil kunne auke raskare enn nasjonalt.
Samstundes er det ein litt større del av dei uføre i Alver som kombinerer trygd og arbeid. Vi skal heller ikkje overdrive veksten av uføre. Det er snakk om ei auke på inntil eit par prosentpoeng over ein femårsperiode.

Høgst uføregrad blant lågt utdanna

Uførheit samvarierar med utdanningsnivå. Blant dei som har grunnskule som einaste utdanning er over 20 prosent uføre, medan det gjeld om lag 10 prosent av dei med vidaregåande utdanning, og 5 prosent av dei med høgare utdanning.
Det er små skilnadar mellom Alver og landet elles når ein ser på kvar utdanningsgruppe isolert. At uførheit er noko meir utbreidd i Alver enn nasjonalt er slik sett som venta gitt utdanningsnivået til innbyggjarane.

Kva kjenneteiknar busetjingsmønsteret i Alver?

Alver kjenneteiknast av eit spreidd busetjingsmønster der mange bur langt frå kommunesenteret. Busetjing på gardsbruk er ein årsak, men er ikkje hovudforklaringa på det spreidde busetjingsmønsteret.

55 prosent av innbyggjarane i Alver bur i område som SSB definerer som tettbygd*, og dermed 45 prosent busett utanfor slike område. Det er områda mellom Alverstraumen og Frekhaug, samt kring sentera Lindås, Manger, Bøvågen og Vikebø som reknast som tettbygde av SSB. Blant dei 27 kommunane det er mest relevant å samanlikne Alver med (KOSTRA-gruppe 9**) er det ingen som har mindre del av innbyggjarane busett i tettbygde område. Sjølv etter fleire tiår med sterk tilflytting, særleg til dei tettbygde områda i sør, kjenneteiknast altså Alver av sitt spreidde busetjingsmønster.

Mange bur langt frå kommunesenteret

Alle norske kommunar er delt inn i små geografiske område kalla grunnkrinsar. SSB kategoriserer grunnkrinsane etter sentralitet basert på reiseavstand til arbeidsplassar og tenestefunksjonar frå krinsane. I Alver er Knarvik den mest sentrale grunnkrinsen, medan Romarheim er den minst sentrale.

Figuren under syner korleis innbyggjarane i kommunane er fordelt etter sentralitet i kommunen (lys farge = mest sentrale område i kvar kommune). Formålet er å gi eit inntrykk av kor stor del av innbyggjarane som bur i ulike avstandsintervall frå kommunesenteret.

Trykk her for å sjå figuren i stort format

Figur som viser sentralitet grunnkrinsar

Samanlikna med dei andre kommunane i KOSTRA-gruppe 9 bur mange i Alver langt frå kommunesenteret sitt (stort innslag av mørke fargar i søyla). Berre Sunnfjord og Narvik har liknande fordelingar.

Dei fleste på bygdene bur ikkje på landbrukseigedommar

13 prosent av innbyggjarane i Alver bur på ein landbrukseigedom. I Alver si KOSTRA-gruppe er det berre i fire kommunar at denne delen er større.
Dei som bur på landbrukseigedommar utgjer likevel berre vel ein fjerdedel av dei som bur utanfor tettbygde område. 32 prosent av innbyggjarane bur i spreiddbygde område, men ikkje på ein landbrukseigedom***. Denne gruppa er med stor margin større i Alver enn i alle dei andre kommunane i KOSTRA-gruppa.
Busetjing på landbrukseigedommar forklarar altså noko av det spreidde busetjingsmønsteret i Alver, men størsteparten skuldast anna busetjing.

 

*SSB definerer tettbygde strøk som «En hussamling skal registreres som tettsted dersom det bor minst 200 personer der. Avstanden mellom husene skal normalt ikke overstige 50 meter… Det er tillatt med et skjønnsmessig avvik ut over 50 meter mellom husene i områder som ikke skal eller kan bebygges. Dette kan f.eks. være parker, idrettsanlegg (…) Husklynger som naturlig hører med til tettstedet tas med inntil en avstand på 400 meter fra tettstedskjernen».


**Alle norske kommunar er gruppert i KOSTRA-grupper med kommunar som har ein del fellestrekk. KOSTRA-gruppene blir mest brukt til å samanlikne økonomiske nøkkeltal kommunane imellom. Alver er i KOSTRA-gruppe 9.


*** Talet er funne ved å trekke dei som bur på landbrukseigdommar (13%) i frå den delen av befolkninga som bur spreiddbygd (45%. ). Vi antar då at alle som er busett på ein landbrukseigedom reknast blant dei som er busett i spreiddbygde område, og ingen reknast blant dei busett i tettbygde område. Dette er nok ikkje heilt riktig, men det må vere snakk om små avvik og avvika er truleg såpass like kommunane imellom at samanlikningar gir meining.

Korleis er alverbuen sin bruk av kulturtenester


I 2019 blei det gjort ei undersøking av innbyggjarane i Alver sin bruk av- og deltaking i det lokale (fritidstilbodet) kultur-, idretts- og friluftslivstilbodet. I følgje undersøkinga nyttar 86 prosent av innbyggjarane eit eller fleire slike tilbod. Av desse deltek 67 prosent aktivt i lag- og organisasjonslivet, medan 19 prosent nyttar seg av tilboda (går tur, går på konsert, nyttar bibliotek osv. ) utan å delta aktivt i eit lag eller ein organisasjon.

Friluftsliv er den klart mest utbreidde fritidsaktiviteten i kommunen. Over 80 prosent av innbyggjarane nyttar desse mulegheitene, medan halvparten av innbyggjarane nyttar biblioteka, går på konsertar eller lokale kultur og idrettsarrangement.

Aktive barn, aktive foreldre

Aktivitetsnivået er høgst blant barnefamiliane. 73 prosent av barna (under 18 år) og heile 80 prosent av foreldra deltek i lag- og organisasjonslivet i Alver. Berre 7 prosent i foreldregruppa svarar at dei ikkje på nokon måte nyttar fritidstilbodet i kommunen. I tilsvarande aldersgruppe (26-59 år) utan barn er det heile 21 prosent som svarar det same. Om det er barna som «aktiviserer» foreldra eller omvendt veit vi ikkje, men innbyggjarar med barn (som bur heime) er i alle fall langt meir aktive enn sine jamnaldringar utan barn.

Blant innbyggjarar over 60 år er det òg eit høgt aktivitetsnivå, med om lag 70 prosent som deltek aktivt i lag- og organisasjonslivet. Unge vaksne (under 26 år) er dei minst aktive innbyggjarane i Alver. 26 prosent av desse nyttar ikkje det lokale fritidstilbodet. Denne gruppa har og dårlegast kjennskap til kva tilbod som finst i kommunen. I alle aldersgrupper er «for lite tid» den viktigaste årsaka til å ikkje delta i lag- og organisasjonslivet.

Deltakinga varierer også geografisk i kommunen, men tilsynelatande utan å følgje noko mønster. Den er høgst i Knarvik og Bøvågen, og lågast på Sletta og Myking.

Meir aktive enn gjennomsnittsnordmannen

Sidan kulturundersøkinga var eit initiativ frå Alver kommune har vi ikkje tilsvarande tal for landet eller fylket generelt. Men vi kan skjele til liknande undersøkingar for å få eit inntrykk av kor høgt aktivitetsnivået i Alver er.

Folkehelseundersøkinga i Hordaland frå 2018 synte små skilnadar* mellom dei seks regionane i fylket, men deltakinga i organiserte aktivitetar var høgst i Nordhordland**. På spørsmål om uorganisert aktivitet var Nordhordland rangert som nummer tre blant regionane.

I følgje levekårsundersøkinga til SSB*** frå 2020 var 47 prosent av landets innbyggjarar aktive i lag- og organisasjonslivet, medan tilsvarande tal for Alver altså var 67 prosent. På spørsmål om spesielle typar organisasjonar (idrett, amatørkultur osv.) ligg òg tala frå Alver-undersøkinga betydeleg høgare enn dei nasjonale tala til SSB.

For ungdommane sin del har vi samanliknbare tal frå Ungdata- undersøkinga. Denne syner at Alver-ungdommane i noko større grad enn ungdommar elles i landet har «vært på en aktivitet i en fritidsklubb» (29% mot 25%). Men den delen som «aldri har vært med i ein organisasjon, klubb eller lag» er òg noko høgare i Alver (16% mot 13%). Samanlikna med ungdommar elles i landet er Alver-ungdommane i mindre grad aktive i idrettslag, og i større grad aktive i kor, korps, musikk- eller kulturskule.

Kor fornøgde er folk med fritidstilbodet i kommunen?

Jamt over er fleirtalet av innbyggjarane nøgde med fritidstilbodet i kommunen. 62 prosent svara at det ikkje er noko fritidstilbod dei saknar i Alver. Nesten 80 prosent er nøgd med mulegheitene for friluftsliv, og mange er nøgde med tilbodet innan idrett (73%) og amatørkultur (66%).

Profesjonelle kulturtilbod (27%) er blant tilboda innbyggjarane er minst nøgde med. Symjehall er det mest sakna einskildtilbodet.
I gruppa av foreldre med heimebuande barn er oppunder 70 prosent «ganske eller svært» nøgde med tilbodet for barn og unge. Samstundes er berre 26 prosent av ungdomskuleelevane nøgde med kulturtilbodet i kommunen, mot heile 55 prosent nasjonalt. Det kan tyde på at tilbodet treff dei yngste barna (som har foreldre som svarar for seg) betre enn ungdommane.

Halvparten av dei eldste innbyggjarane våre (over 75 år) er nøgde med tilbodet for si aldersgruppe.


* Svarandelane er gitt med feilmarginar, og desse er overlappande regionane imellom. Skilnadane er dermed ikkje statistisk signifikante.
**Undersøkinga er på regionnivå. Alver omfattar om lag 85 prosent av innbyggjarane i regionen Nordhordland.
***SSB tabell 09130

Kva fortel Ungdata 2021 om Alver-ungdommen?

Årets Ungdata- undersøking syner at dei fleste ungdommane i Alver trivs og har det godt. Samstundes er det fleire på «feil side» av statistikken i Alver enn nasjonalt.

I Ungdata-undersøkinga svarar elevar ved norske ungdoms- og vidaregåande skular på ei rekkje spørsmål om helse, trivsel og levevanar.

Figurar som syner resultata frå årets undersøking på ungdomstrinnet er tilgjengelege her: Power Bi rapport om Ungdata. Resultata er fordelt i fire figurar. Den fyrste handlar om spørsmål om positive tilhøve- der ein ønsker høg andel svar (skuletrivsel, forventningar om lukkeleg liv osv.) Den andre handlar om negative tilhøve der ein ønsker låg andel svar (einsemd, psykiske plager osv). Den tredje handlar om tilhøve som ikkje nødvendigvis er verken positive eller negative (ønske om å ta høgare utdanning, tid brukt på elektroniske spel og sosiale media osv.). Og den siste syner spørsmåla der svara frå Alver- ungdommane skil seg mest frå landsgjennomsnittet.
Du kan bla mellom figurane med piltastane nedst på skjermen.

Meir einsemd og psykiske plager

Dei fleste ungdommane i Alver (og Noreg) er på «den rette sida» av statistikken. Dei trivs på skulen, har vener, er nøgde med helsa si og foreldra sine. Og jamt over skil svara frå Alver ungdommane seg lite frå landsgjennomsnittet.

Det er likevel ein tendens til at den delen av ungdommane som er «på feil side» av statistikken er noko større i Alver enn nasjonalt.

Mellom anna svarar ein større del av ungdomsskuleelevane i Alver at dei har hatt psykiske plagar (22%), vore plaga av einsemd (15%), og at dei kvar veke nyttar smertestillande tablettar (22%). Det er òg betydeleg færre som trur dei vil få eit lukkeleg liv (61%), at dei vil fullføre vidaregåande skule (78%), og som er nøgde med kulturtilbodet der dei bur (27%).

For desse tilhøva er Alver blant den fjerdedelen av kommunane i landet med svakast resultat, og utviklinga har vore negativ viss me samanliknar årets undersøking med undersøkinga som blei gjort for to år sidan.

Lite alkohol, mykje dataspel

På den positive sida skil Alver-ungdommane seg frå landsgjennomsnittet ved at færre har smakt (10%), eller vore rusa (8%) på alkohol. For desse spørsmåla er Alver blant den beste fjerdedelen av kommunane i landet. Det er òg betydeleg færre Alver-ungdommar som ventar å bli arbeidslause som vaksne (15%).

Elles kjenneteiknast Alver-ungdommane av å bruke meir tid på elektroniske spel, og ved at det er langt færre som trur dei vil ta høgare utdanning (42%).

Det er òg færre i Alver-ungdommar som svarar at dei «minst 1-2 gonger i veka» har delteke på organisert trening. Men delen som er «fysisk aktive sjeldnare enn ei gong i veka» er likevel ikkje høgare i Alver enn nasjonalt.

Kva med elevane på vidaregåande skule?

Ungdata-undersøkinga blei òg gjennomført på Knarvik vidaregåande skule i år, og er publisert i denne rapporten.

91 prosent av elevane På Knarvik vidaregåande bur i Alver. Samstundes går 35 prosent av vidaregåande elevane som bur i Alver på andre vidaregåande skular.

Det er òg verdt å minne om at ein del ungdommar i denne aldersgruppa ikkje svarar på undersøkinga. Anten fordi dei er lærlingar og derfor ikkje til stades på skulen då undersøkinga blei gjennomført, eller at dei er utanfor utdanningssystemet.

Desse «seleksjonsmekanismane» er kanskje ei forklaring på at resultata for Knarvik vidaregåande på ein del område skil seg mykje frå ungdomsskuleelevane i Alver, men mindre frå vidaregåande elevar elles i landet.

Mellom anna trur heile 96 prosent av Knarvik- elevane at dei vil fullføre vidaregåande - eitt prosentpoeng høgare enn nasjonalt. Tilsvarande trur 60 prosent at dei vil ta høgare utdanning. Det er sju prosentpoeng lågare enn nasjonalt, men langt høgare enn dei 42 prosent av ungdomsskuleelevane som trur det same.

Nokre trekk frå ungdomskuleelevane går likevel igjen blant elevane på Knarvik vidaregåande. Einsemd er noko meir utbreidd enn nasjonalt. Fleire brukar mykje tid på dataspel, og færre nyttar alkohol og tobakk.


Sist oppdatert: 21.09.2022
Publisert: 23.11.2021