HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarDetaljregulering for fv. 564 Fløksand-Vikebø - Offentleg ettersyn og høyring

Detaljregulering for fv. 564 Fløksand-Vikebø - Offentleg ettersyn og høyring

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Utval for areal, plan og miljø 11.11.20, som sak 149/20, gjort vedtak om å leggje planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Bakgrunn

Vestland fylkeskommune har i samarbeid med Alver kommune utarbeidd detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing for fv. 564 Fløksand - Vikebø. Prosjektet omfattar fv. 564 frå Fløksand til Vikebø på Holsnøy i Alver kommune og omfattar regulering av ca. 4 km med fylkesveg med parallell gang- og sykkelveg. Prosjektet er knytt til Nordhordlandspakken, og er nr. 4A på lista over prioriterte prosjekt i pakken.

Utvalet vedtok å leggja ut to alternativ på offentleg høyring, A1 og A2 på strekninga frå Fløksand til kryss med Bjørndalsvegen ved Rylandsvatnet. A1 er skildra i planomtalens kapittel 11 med vekt på endringar og ulikskapar i forhold til alternativ A2. Begge alternativ vert lagt ut på høyring med tilhøyrande plankart og føresegner. Plankart og VA-teikningar frå Bjørndalsvegen til Rossland finn ein under alternativ A2.

Saksdokument

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

Felles plandokument
1. Planomtale_Fv.564
2. Merknader_oppstartsvarsel_Fv.564
3. Merknadskart_Fv. 564
4. ROS-analyse_Fv.564
5. KU_friluftsliv_Fv.564
6. KU_kulturarv_Fv.564
7. KU_landskap_Fv.564
8. KU_naturmangfold_Fv.564
9. KU_naturressursar_Fv.564
10. Støyrapport_Fv.564
11. Flomvurdering_Fv.564
12. Geoteknisk_rapport_2018_Fv.564
13. Geoteknisk_rapport_2019_Fv.564
14. GeotekniskDatarapport_2019_Fv.564
15. Geoteknisk_rapport_utfylling_Fv.564
16. Vedtak_Fv.564

Alternativ A1
17. Føresegner_A1_Fv.564
18. Plankart_A1_Fv.564
19. VA_rammeplan_A1_Fv.564
20. Vegteikningar_A1_Fv.564
21. Støyteikningar_A1_Fv.564

Alternativ A2
22. Føresegner_A2_Fv.564
23. Plankart_A2_Fv.564
24. VA_rammeplan_A2_Fv.564
25. VA_teikningar_A2_Fv.564
26. Vegteikningar s_1-13_A2_Fv.564
27. Vegteikningar s_14-26_A2_Fv.564
28. Støyteikningar_A2_Fv.564


Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i avisa Nordhordland. Grunneigarar, berørte naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 24.02.21 – 14.04.21.

Slik kan du komme med innspel

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema.

Trykk her for elektronisk høyringsskjema

Du kan og sende e-post til: post@alver.kommune.no,

eller sende brev til

Alver kommune,
Postboks 4,
5906 Frekhaug.
Merknaden stilast til Plan v/ Arealforvaltning.

Det er òg lagt til rette for ein digital innbyggjardialog for grunneigarar og bebuarar i området. Her kan ein peike på punkt i planutkastet som ein har merknader til. I kommentarfeltet kan ein gje utfyllande opplysningar eller om det er merknadar du ynskjer å få fram som ikkje er stadfesta til eit spesielt punkt.

Trykk her for innbyggjardialog

Merknadsfrist er sett til 14.04.2021

Digitalt informasjonsmøte


17. mars klokka 18.00 inviterer Alver kommune og Vestland fylkeskommune til digitalt informasjonsmøte. På denne sida finn du sendinga 17. mars.

I tillegg til ei orientering om arbeidet, vil det vere høve til å stille spørsmål til kommunen og prosjektleiinga.

Spørsmål kan sendast på e-post til: ingrid.raniseth@alver.kommune.no

Følg informasjonsmøtet direkte på alver.kommune.no.

Vi vil også invitere til ein open kontordag for dei som ynskjer eit eige møte. Tid og stad, samt informasjon om påmelding til kontordagen, kjem på alver.kommune.no.


Sist oppdatert: 09.04.2021
Publisert: 24.02.2021