HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarDetaljregulering Grøn omstilling på Mongstad på høyring

Detaljregulering Grøn omstilling på Mongstad på høyring

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 har Utval for areal, plan og miljø 21.4.2021, som sak 065/21, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn. Saka har planID 46312020006

Bakgrunn

Planområdet er lokalisert på Mongstad, nord i Alver kommune ved grensa til Austrheim kommune. Planområdet er ca. 1140 daa på bakkeplan og ca. 578 daa under bakkeplan. Ca. 55 daa av planområde i nordvest ligg i Austrheim kommune. Reguleringsplanen erstattar i si heilheit gjeldande plan for område med namn Storhamn Mongstad.

Formålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for etablering av energitunnellar og landbasert oppdrettsanlegg inkludert eige osmoseanlegg for produksjon av ferskvatn og biogassanlegg for handtering av fiskeslam og klekkeri/smoltanlegg. Energitunnelane vill blant anna utnytta overskotsenergi frå raffineriet til å redusera mengda energi som trengs ved drift av oppdrettsanlegget.

Saksdokument

Planforslaget omfatta følgjande dokument:
1. Plankart_1av3_28.4.2021
2. Plankart_2av3_28.4.2021
3. Plankart_3av3_28.4.2021
4. Føresegner_30.4.2021
5. Planomtale m_KU_30.4.2021
6. ROS-analyse_30.4.2021
7. Rapport_NML_9.3.2021
8. Trafikkanalyse_9.3.2021
9. VA-rammeplan_30.4.2021
10. Planprogram_rev-02_19.2.2021
11. Merknadsskjema_oppstart og utviding
12. Uttaler oppstart og utviding
13. Vedtak_fastsett planprogram_25.3.2021
14. Saksframlegg m.vedtak_1 ghs_offentleg ettersyn_21.4.2021
15. Endringsnotat for utviding og saksframlegg

Grunneigarar, naboar, lag, organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Slik kjem du med innspel

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 21.5.2021 til 2.7.2021.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen 2.7.2021 og kan sendast til post@alver.kommune.no, eller brev til

Alver kommune
postboks 4
5906 Frekhaug.


Sist oppdatert: 21.05.2021
Publisert: 21.05.2021