HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring - Detaljreguleringsplan for Birkelundstunet gbnr. 172/14

Høyring - Detaljreguleringsplan for Birkelundstunet gbnr. 172/14

Bakgrunn

På oppdrag frå Seim Eiendomsutvikling AS legg proESS AS fram forslag til detaljreguleringsplan for Birkelundstunet gbnr. 172/14, planID 1263-201902. Planområdet ligg på Seim, omtrent 10 km frå Knarvik. Storleiken på området er om lag 3,3 daa. Planen sitt formål er å leggje til rette for bustadbebyggelse. Tiltakshavar ønskjer å leggje til rette for 3 nye bygg, med inntil 4 bueiningar i kvart bygg.

Saksdokument

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart
  2. Føresegner
  3. Planskildring
  4. Illustrasjonsplan
  5. MUA-plan
  6. Terrengsnitt og vegprofil
  7. ROS-sjekkliste
  8. Støyvurdering
  9. Notat vedr universell tilgjengelighet
  10. Samla uttaler til varsel om oppstart
  11. Saksframlegg med vedtak 1.ghs

Slik kjem du med innspel

Grunneigarar, berørte naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@alver.kommune.no, eller brev til:

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug.

Merknaden stilast til: Plan v/ Arealforvaltning.

Merknadsfrist er sett til 10.11.2021.


Sist oppdatert: 28.09.2021
Publisert: 27.09.2021