Har du innspel til samfunnsdelen?

Fleire hundre innbyggjarar, tilsette og politikarar har kome med fleire tusen innspel til arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. 

11. november 2021 samla formannskapet seg om eit høyringsutkast og inviterer til ny runde med innspel. Fristen for å komme med innspel i denne runden er 15. februar

Høyringsutkastet og rapportar frå arbeidet

Høyringsutkast: Kommuneplanen sin samfunnsdel 2022-2034.

Trykk på knappen over for å lese høyringsutkastet til ny samfunnsdel. Du kan også låne eit papirdokument på innbyggjarservice i Knarvik Senter, kommunehuset på Manger eller kommunehuset på Frekhaug.

Rapportar frå medverknadsperioden:

Andre rapportar og dokument:

Her kan du møte ordførar og varaordførar før jul

Ordførar og varaordførar drar til alle lokal- og nærsenter i kommunen før jul.

Her kan du møte dei og slå av ein prat om samfunnsdelen:

  • Knarvik Senter: Fredag 26. november klokka 16.00-18.00
  • Radøyhallen: Søndag 28. november klokka 11.00-12.30
  • Bøvågen, julemarknad: Onsdag 1. desember klokka 15.00-16.30
  • Rossland, ungdomshuset: Søndag 5. desember klokka 12.00-14.00
  • Frekhaug torg: Torsdag 9. desember klokka 11.00-13.00
  • Lindås senter: Lørdag 11. desember klokka 11.00-13.00
  • Ostereidet, Rema 1000: Måndag 13. desember klokka 12.00-14.00
  • Alverflaten, Kiwi: Fredag 17. desember klokka 14.00-16.00
  • Myking, nærbutikken: Måndag 20. desember klokka 13.00-15.00
  • Seim, Spar: Tysdag 21. desember klokka 15.00-17.00
Velkommen til høyringsverkstader etter jul
  • Knarvik: Torsdag 20. januar klokka 18.00-20.00 på Helsehuset
  • Frekhaug: Torsdag 27. januar klokka 18.00-20.00 på Meieriet
  • Manger: Torsdag 3. februar klokka 18.00-20.00 på kommunehuset
  • Lindås: Onsdag 9. februar klokka 18.00-20.00 i Lindåshallen
Slik kan du komme med innspel

Du kan komme med innspel i heile høyringsperioden, frå 15. november 2021 til 15. februar 2022.

Vi jobbar med ein plan for fleire aktivitetar og møte i høyringsperioden. Følg med på denne sida for meir informasjon.

Innspelet ditt kan du sende på tre måtar:

  1. Via det elektroniske innspelsskjemaet vårt
  2. Med e-post til post@alver.kommune.no
  3. Med brevpost til postboks 4, 5906 Frekhaug 

Sist oppdatert: 24.11.2021
Publisert: 16.11.2021