HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av oppheving av reguleringsplan for Nappane

Kunngjering av oppheving av reguleringsplan for Nappane

Med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 12-14 vedtok Alver kommunestyre i møte den 28.10.2021, sak 119/21, å oppheve reguleringsplan for Nappane, med planID 1263-19012007


Bakgrunnen for opphevinga er at reguleringsplanen ikkje vart realisert innanfor planperioden til arealdelen til kommuneplanen for Lindås 2011-2023, at realisering har vore vurdert som lite realistisk på grunn av utfordringar knytt til veg, vatn og avløp, og at reguleringsplanen ikkje er i tråd med dagens standard og krav. Det er heller ikkje lenger mogleg å bygge ut etter planen i tråd med kommunedelplanen for Lindås, og ei oppheving av planen opnar opp for moglegheita for å etablere småbåtanlegg i Nappevika.


Oppheving av planen omfattar følgjande dokument:

  1. Opphevingsvedtak – Saksframlegg 2. gangs handsaming
  2. Saksframlegg 1. gangs handsaming
  3. Føresegner
  4. Plankart
  5. Planskildring – NB! Ikkje oppdatert i tråd med planvedtak frå 2009


Slik kan du klage

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

Alver kommune
Plan v/Arealforvaltning
Postboks 4
5906 Frekhaug,

eller som e- post til post@alver.kommune.no


Klagefrist er sett til 15.12.2021.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.

 


Sist oppdatert: 23.11.2021
Publisert: 23.11.2021