HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av vedtatt reguleringsplan Fosse - Moldekleiv

Kunngjering av vedtatt reguleringsplan Fosse - Moldekleiv

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre 18.02.2021, sak 006/21, vedtatt følgjande reguleringsplan: Detaljregulering for Fosse – Moldekleiv med oppgradering av Fossekrysset, PlanId 1256 2016 0012

Bakgrunn

Føremålet med planarbeidet er å utvide og trafikksikre vegen frå Fosse til Moldekleiv. Planforslaget legg til rette for breiare køyrefelt i begge retningar. Eksisterande kryss og avkøyrsler vert oppgradert, lagt om eller sanert. Det vert etablert eit separat, gjennomgåande tilbod for gåande og syklande, med rabatt og/eller rekkverk som skil køyrande og mjuke trafikantar. Kollektivhaldeplassar vert oppgradert og justert på utforming og plassering. Framkomme til haldeplass er sikra med fortau/GS-veg og tilrettelagte kryssingspunkt. Fossekrysset blir oppgradert med venstresvingfelt.

Saksdokument

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

Planvedtak

1. Planomtale, datert 20.01.21

2. Føresegner, datert 20.01.21

3. Plankart 1, datert 20.01.21

4. Plankart 2, datert 20.01.21

5. Plankart 3, datert 20.01.21

6. Plankart 4, datert 20.01.21

7. Plankart 5, datert 20.01.21

8. Plankart 6, datert 20.01.21

9. ROS- analyse

10. VA-rammeplan

11. Geoteknisk rapport

12. Løsmasseskjeringar

13. Befaringsnotat bergskjæringer

14. Naturverdirapport

15. Støyrapport

16. Uttale til VA plan

17. Barnetråkkrapport datert 18.04.2012

18.  Saksframlegg til 1. gongs handsaming

19. Begrensa høyring 28.8.2020

20. Saksframlegg til 1. gongs handsaming

Sende klage?

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

  • Alver kommune,
    Plan v/Arealforvaltning,
    postboks 4,
    5906 Frekhaug, eller
  • som e- post til post@alver.kommune.no

Klagefrist er sett til 17.03.2021

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.


Sist oppdatert: 09.04.2021
Publisert: 24.02.2021