HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarNy høyring gang- og sykkelveg Lindås tettstad - Mongstad

Ny høyring gang- og sykkelveg Lindås tettstad - Mongstad

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10, har Utval for areal, plan og miljø, 3.2.2021, som sak 018/21, gjort vedtak om å leggje planframlegg for Fv. 57 med gang- og sykkelveg, Lindås tettstad - Mongstad ut til ny høyring og offentleg ettersyn.

Forslag til detaljregulering har tidlegare vore vedtatt, sendt ut til høyring, og låg ute til offentleg ettersyn i perioden 7.11.2018 – 20.12.2018.

Med bakgrunn i innspel og merknadene som kom inn ved offentleg ettersyn er det no gjort fleire endringar i planforslaget som blir lagt ut på ny høyring.

Bakgrunn:

Planområdet er på om lag 999 daa og strekk seg langs den 10 km lange strekninga av fylkesveg 57 mellom Lindås tettstad og Mongstad. Planforslaget legg til rette for gang- og sykkelveg langs fylkesvegen. Køyrevegen blir utbetra fleire plasser med utretting av veglina og utviding. Avkøyrsler blir sanert, vegkryss og kulvert utbetra, og nye kryssingar blir etablert for gåande og syklande.

Langs heile strekket er det satt av areal for midlertidig rigg og anleggsbelte som sikrar gjennomføring av prosjektet.

Vedlagte saksframlegg for 2. gongshandsaming gjennomgår endringane vist med kartutsnitt og tekst for kvart plankart.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart1-14, sist revidert 4.12.20
  2. Planomtale, sist revidert 4.12.20
  3. Reguleringsføresegner, sist revidert 4.12.20
  4. ROS analyse, datert 2.12.19
  5. Støyrapport, datert 9.6.19
  6. Oversiktsprofil, datert 2.12.19
  7. Støysonekart, datert 2.12.19
  8. Normalprofil, datert 2.12.19
  9. VA-rammeplan, datert 9.2.17
  10. Geotekniskrapport, datert 18.11.16
  11. Begrunnelse linjeføring, datert 9.6.17
  12. Plan og profil, datert 10.9.19.pdf
  13. Plan og profil CO10-1, datert 24.6.19
  14. Saksframlegg, 2. gongshandsaming
  15. Saksframlegg, 1. gongshandsaming

Har du innspel?

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 09.02.2021 - 23.03.2021.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema

Trykk her for elektronisk høyringsskjema

eller ein kan sende e-post til; post@alver.kommune.no,

eller sende brev til

Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug.
Merknaden stilast til planavdelinga.

Merknadsfrist er sett til 23.03.2021.


Sist oppdatert: 09.02.2021
Publisert: 08.02.2021