HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarPlan for Den kulturelle skulesekken

Plan for Den kulturelle skulesekken

Planen for Den kulturelle skulesekken i Alver kommune tek høgde for å vere ein overgang frå dei tre gamle kommunane Lindås, Meland og Radøy. Den tek med seg etablerte tilbod frå tidlegare år og inkluderer nye tilbod og justeringar i den nye kommunen. Planen skal rullerast i høve kommande kommuneplan og kulturplan for Alver kommune.

Gamle Lindås, Meland og Radøy har hatt ulik praksis i arbeidet med DKS. Denne planen skal sikre at alle grunnskuleelevar i Alver kommune har eit likeverdig tilbod uansett bustad og skule. Planen presenterer eigne lokale mål for DKS i kommunen og vil vere eit reiskap for å kvalitetssikre eit profesjonelt kulturtilbod til barn og unge.

Trykk her for å sjå plan for den kulturelle skulesekken 2021 - 2024

Har du innspel?

Innspel sendast til post@alver.kommune.no

eller postadressa:

Alver kommune,
postboks 4,
5906 Frekhaug.
Frist for å kome med innspel er 21.12.2020


Sist oppdatert: 04.12.2020
Publisert: 04.12.2020