Robuste bustader i Knarvik - varsel om oppstart av planarbeid

Bakgrunn for planarbeidet er at det skal byggast omsorgsbustader for rus og psykiatri i kommunal regi.

Områdeplan Knarvik

 

Eigedommen ligg i felt o_BOP3 med arealføremålet offentleg og privat tenesteyting. Tiltaket er i tråd med arealføremålet.

Det er krav i områdeplanen for Knarvik at det skal utarbeidast ein samla plan for heile felt o_BOP3. Felles planlegging av feltet skal sikra gode heilskaplege løysingar og sikra kvalitetar som siktliner, gang – og sykkelvegar og grøntstruktur.

Førebels er det ikkje kjent om det er planar for utvikling av andre eigedommar innanfor o_BOP3. Dette skal avklarast tidleg i planprosessen i dialog med grunneigarane.

Dersom det vert vurdert å vere mest teneleg å avgrensa planområdet, ikkje ta med heile o_BOP3, må det avklarast i ein dispensasjonssøknad.

O_BOP3 omfattar eigedommane, gardsnummer 188, bruksnummer. 704, 703, 668, 575, 739, og tomt for robuste bustadar, gards- og bruksnummer 188/406.
Planområdet er totalt på ca. 24 dekar.

 

Kart over egedomar

 

Om robuste bustadar

Prosjektet er forankra i Bustadsosial handlingsplan 2017-2021 for tidlegare Lindås kommune, vedteke i KO 21.juni 2017.

I handlingsplanen er det lagt fram behov om etablering av sju omsorgsbustader for menneske med rus- og samtidig psykisk liding, der ein av desse skal vere ein avlastningsbustad/ akuttbustad. Tiltaket vert bemanna.

Det har vore vurdert 6 ulike alternativ for lokalisering av omsorgsbustadane i prosessen. Lokalisering har vore eit viktig moment i saka. Brukarane er avhengige av å enkelt kunne komme seg til offentlege kontor, senter for naudsynt helsehjelp og andre gjeremål. Dei færraste har bil og treng gode kollektivtilbod i nærleiken. Tomta i felt o_BOP3 er vurdert å være det beste tomtevalget av dei 6 alternativa. Det vart i kommunestyret (gamle Lindås kommune), den 26.09.19, vedteke bygging av omsorgsbustadane i Kvassnesvegen 60.

Tiltaket omfattar 7 stk. omsorgsbustader med eit nettoareal på min 40m² pr. eining i tillegg til ein personalbase. Bustadane skal ha eige uteareal/terrasse med moglegheit for sol og skugge.

Samla arealbehov vil være bueiningar + personalbase ca. 350 – 400m².

 

Frist for å komme med innspel til planarbeidet er 05.11.2022. 

Berørte grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive. 

Du kan sende innspel til planarbeidet til: 

post@alver.kommune.no,eller 

Alver kommune,
Postboks 4,
5906 Frekhaug.

Innspel skal merkast "plan og analyse" v/ Trude Langedal.

 


Sist oppdatert: 05.10.2022
Publisert: 05.10.2022