HeimPolitikk og høyringarHar du meiningar om framtida?

Har du meiningar om framtida?

Vi jaktar innspel til dei første planane til den nye kommunen vår, og lurar på kva som er viktig for deg.

Slik kan du bidra

Vi har stengt spørjeundersøkinga og tar ikkje imot fleire innspel til kommunenplanen i denne runden.

Neste moglegheit for å kome med innspel til kommuneplanen er etter at politikarane har lagt planframlegget ut på høyring sommaren 2021.

Har du innspel til Alver-framtida? Vi held fram den gode dialogen på denne sida. Her kan du alltid kome med innspel og spørsmål:

Kva skjer med innspela dine?

Vi leser alle innspela, og samlar dei i rapportar som politikarane får når dei skal jobbe vidare med planane i 2021.

På denne måten får politikarane i Alver vite kva som er viktig for deg før dei lagar mål for framtida til kommunen vår.

Når planane er klare, får du nye sjansar til å kome med innspel. Då vil politikarane høyre kva du meiner om forslaget deira før dei bestemmer seg. Dette kallar vi for «høyring» og er noko vi kjem tilbake med meir informasjon om seinare.

Informasjon om planlegging ?

Om du vil vite meir om planlegging, trykk her.


Sist oppdatert: 15.01.2021
Publisert: 21.09.2020