HjemVeg, vatn, avløp og bossVegHekk og trafikktryggleik

Hekk og trafikktryggleik

Reglar for fri sikt

Hekkar, buskar og tre må ikkje skjule vegmerking, trafikksikt, gatenamn, lysskilt eller belysning. Hugs at alle skal kunne sjå eit barn på trehjulssykkel frå alle retningar, og kunne stoppe på ein tredjedel av avstanden mellom køyretøyet og barnet.

Tenk òg på at det langs vegen skal vere oversiktleg og enkelt å komme fram for mellom anna utrykkings­køyretøy og renovasjonsbilar.

Kva må du gjere?

Kommunen ber alle grunneigarar om å klippe sine hekkar, buskar og tre slik at desse ikkje fører til fare langs vegen. Dersom grunneigarane ikkje utfører slik klipp, vil kommunen sende ut eit skriv til den einskilde grunneigaren med beskjed om å klippe hekk og buskvekstar langs vegen.

Dersom dette ikkje blir utført, vil kommunen gi eit pålegg med frist for å få arbeidet gjort. Etter dette vil kommunen få utført klipp med tungt maskinelt utstyr. Resultatet blir grovt. Resultatet blir betre dersom grunneigarane utfører arbeidet sjølve. 

Trykk her for å laste ned heile temaheftet vårt om hekk og trafikktryggleik.

Kva seier lova?

Krav til «frie siktsoner» er gitte i veglova, i avkøyringsløyve og i reguleringsplanar. Kommunen kan påleggje grunneigar å klippe, skjere eller flytte vegetasjon som skaper sikthindring.


Sist oppdatert: 02.09.2021
Publisert: 10.10.2018