HeimKoronaKultur og idrett

Kultur og idrett

Frå natt til torsdag 27. mai gjeld nye nasjonale reglar. 

Trykk her for å lese dei nye tiltaka på nettsida til regjeringa.

Skal du arrangere?

Vi har ingen godkjenningsordning for arrangement i Alver kommune. Det går heller ikkje an å søkje om dispensasjon frå reglane i Covid-19-forskrifta.

Ønskjer du å invitere til eit arrangement, må du setje deg godt inn i reglane som gjeld og sjølv vurdere kva som er trygt og lov.

Fleire bransjar har laga eigne smittevernrettleiarar. Sjekk om bransjen din har ein standard, som kan hjelpe deg til å gjere dei rette vurderingane.

Sosial kontakt

  • Ikkje ha besøk av fleire enn ti gjestar.
  • Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ein må kunne halde avstand.
  • Det oppfordrast til å møtast utandørs.
  • Barn i barnehagar og barneskuler kan ha besøk frå eigen kohort.
  • Ved besøk heime reknast ikke beskytta* med i begrensinga når det gjeld tal på gjestar, men det må framleis vere mogleg å halde avstand mellom dei som ikke er beskytta.

*Beskytta:

  • Fullvaksinerte
  • Dei som har fått første vaksinedose, med varigheit 3-15 veker etter vaksinasjonen.
  • Dei som har hatt covid-19 med varigheit frå avisolering til 6 månader etter prøvedato godkjend laboratoriemetode.

Idretts- og fritidsaktiviteter

  • Vaksne over 20 år kan drive organisert aktivitet som trening, øving osv. innandørs i grupper på inntil 20 personar, så lenge dei kan halde minst ein meters avstand.
  • Vaksne over 20 år kan drive organisert aktivitet utandørs i grupper på inntil 30 personar, så lenge dei kan halde minst ein meters avstand. 
  • Fleire grupper kan samlast på same trenings-/øvingsarena dersom gruppene blir halde fråskild og slik at dei enkeltvis og samla kan overhalde smittevernråda.
  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar, og dei er unnateke anbefalinga om 1 meters avstand når det er naudsynt for å drive med aktiviteten.
  • Dersom barn og unge trener/øver med eit lag, foreining eller liknande i ein annan kommune, vil dei kunne konkurrere med dette laget/denne foreininga så lenge smittesituasjonen tillet det.
  • Lag frå små kommunar som ikkje har andre motstandarar i kommunen, kan reise til nabokommunen for å konkurrere såframt kommunane har same smittenivå. 
  • Det oppfordrast til aktivitet utandørs heller enn innandørs.

Toppidrett 

  • Toppidrettsutøverar kan trene som normalt, både utandørs og innandørs.
  • Det opnast for treningskampar i alle lag i seriar i toppidretten, herunder i Post-Nord-ligaen. Det blir opna for seriekampar tre veker etter innføring av trinn 2 dersom erfaringane frå treningskampane og smittesituasjonen tilseier det.

Reglar for heile landet

Arrangement

Det oppmodast til forsiktigheit og planlegging av deltaking på arrangementet slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. Herunder å ikkje oppsøkje arrangement i ein annan kommune dersom ein bur i ein kommune med auka smittenivå.

Reglane for arrangement er som følgjer:

  • Maks 20 personar på private sammenkomstar innandørs utanom i eigen heim, som til dømes bursdag i leigd lokale. Utandørs er grensa 30 personar. Barn i same kohort i barnehage eller barneskule kan møtast med eit naudsynt tal vaksne personar som legg til rette.
  • Maks 50 personar på innandørs offentleg arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men likevel inntil 100 personar på arrangement som samlar deltakarar under 20 år som er frå same kommune eller som deltek på trening, øving, prøvar og liknande i same kommune. 
  • Maks 200 personar på arrangement innandørs kor alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.
  • Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personar (fordelt på 3 kohortar á 200 personar) dersom dei sit på faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane.
  • Arrangøren skal iverksetje tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar. Om det er naudsynt skal det nyttast vakthald for å sikre dette.
  • Same høve til å skjenka alkohol på arrangement som på serveringsstader.


Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkebevilling.

  • Ikkje krav om matservering. 
  • Innslepps- og skjenkestopp kl. 24.00
  • Krav til smitteverntiltak: Registrering, redusert tal på gjestar og krav til avstand, innandørs og utandørs.

Trykk her for informasjonsmateriell til fri bruk for serverings- og skjenkestader

Utleige av kommunale bygg

Trykk her for å lese meir om utleige av idrettsanlegg, kommunale bygg og eigedomar

Hald deg oppdatert

Alver kommune følgjer råd frå nasjonal helsestyresmakter. Vi endrar våre rutinar og tiltak når det kjem nye råd. Difor er det viktig at du held deg oppdatert.

Følg med på nettsida til kommunen, www.fhi.no og www.helsenorge.no for siste nytt.

 




Sist oppdatert: 27.05.2021
Publisert: 06.11.2020