HeimKoronaKoronatest og koronatelefonen

Koronatest og koronatelefonen

Har du spørsmål om korona?

Bruk chatboten til helsedirektoratet eller ring den nasjonale informasjonstelefonen for korona.

Informasjonstelefonen 815 55 015 er open på kvardagar frå 08.00 til 15.30.

Chatboten finn du nedst i høgre hjørnet på alle sidene til www.helsenorge.no. Dersom chatboten ikkje har svar til deg, kan du fortsetje samtalen og be om å bli sett over til ein rettleiar.

Alver koronasenter (adresse og telefonnummer)
  • Adresse: Kvassnesvegen 17 (i underetasjen)
  • Telefon: 56 37 59 00
  • Opningstid: 08.30 – 11.30 og 12.15 – 15.00 på kvardagar og 10.00 – 12.00 på laurdagar og søndagar.
 Kven skal teste seg?

Folkehelseinstituttet rår til at du testar deg når:

  • du har symptom – dette gjeld også vaksinerte
  • du er nærkontakt til nokon som har fått påvist koronavirus
  • du reiser til Norge frå utlandet

Les meir her

Treng du hjelp til å ta ein test?

Reglane legg opp til at du skal klare deg sjølv, men koronasenteret kan hjelpe om du ikkje er i stand til å ta hurtigtesten.

Du kan også be om å få PCR-test på koronasenteret som eit alternativ til hurtigtest.

Du kan også ringe koronasenteret.

Slik får du tak i hurtigtestar

Du kan hente gratis hurtigtest om du har symptom, fordi du er husstandsmedlem til ein som har fått påvist koronavirus eller fordi du er annan nærkontakt.

Testane kan du hente på koronasenteret i underetasjen i Kvassnesvegen 17 på kvardagar i tidsromma 08.30–11.30 og 12.15- 15.00. Laurdag og sundag i tidsrommet 10.00 – 12.00. Du treng ikkje ringe og gjere avtale før du kjem.

Vi ber alle som skal hente hurtigtestar om å parkere ein annan stad og gå til koronasenteret.

Treng du hurtigtest utanom opningstida kan du kjøpe på apoteket eller i andre butikkar

Kva gjer du om hurtigtesten er positiv?
  1. Dersom hurtigtesten er positiv og visar at du har korona:
    • Hald deg heime og isoler deg frå dei du bur ilag med (om du kan).
    • Gi beskjed til nærkontaktane dine at dei må sette seg inn i reglane for nærkontaktar.
  2. Har barnet ditt fått korona?
    • Gi beskjed til barnehagen eller skulen (i tråd med informasjon frå barnehagen/skulen din).
  3. Bestill PCR-test via skjema.

Dersom du ikkje kan bestille PCR-test på nett, kan du ringe koronasenteret på telefon 56 37 59 00.

Telefonen er open 08.30 – 11.30 og 12.15 – 15.00 på kvardagar og
10.00 – 12.00 på laurdagar og søndagar.

Kva gjer du om hurtigtesten er negativ?

Dersom du er sjuk skal du halde deg heime, sjølv om testen er negativ.

Ventar du svar på ein test du har tatt på koronasenteret?

Har du tatt ein PCR-test på koronasenteret, finn du svaret på helsenorge.no 1-4 døgn etter at du tok testen.

Trykk her for å logge inn på Helsenorge.

Når skal du i karantene eller isolasjon?

Trykk her for å lese meir om kven som skal vere i karantene eller isolasjon på helsenorge.no.

Trykk her for å lese informasjon og råd til nærkontaktar og dei som er i isloering på fhi.no.


Sist oppdatert: 18.01.2022
Publisert: 13.03.2020