HeimKoronaKoronavaksine

Koronavaksine

Du treng ikkje lenger å registrere deg eller vente på invitasjon. Du kan gå rett til bestillingssida vår, sjå kva timar som er ledige og bestille time sjølv.

Trykk her for å bestille time til vaksinasjon.

Du kan også ringe koronatelefonen på 56 37 59 00.

Finn du ikkje ledige timar? Vi legg ut timar etterkvart som vi får stadfesta vaksineleveransar. Sjekk bestillingsløysinga for nye timar med jamne mellomrom.

No er det tre måtar å få koronavaksine

  1. Bestill time (berre for 12-15 åringar) 
  2. Kom på drop-in i Nordhordlandshallen. Du treng ikkje å bestille time. Ope for alle over 12 år:
    • Onsdag 22. september 16.00 – 18.30
  3. Både Alver og Bergen har opna for å ta imot innbyggjarar frå andre kommunar. Dette betyr at alle som bur i Alver kan bestille time i Bergen. Trykk her for å lese meir om vaksinering i Bergen.

Du som ikkje bur i Alver kan stille på drop-in i Nordhordlandshallen 15. september og 22. september.

Framskunde dose 2

Om du har blitt sett opp med meir enn fire veker  mellom dose 1 og 2, kan du no få framskunde dose 2. Ring til koronasenteret på 56 37 59 00 så får du hjelp til å flytte timen. 

Pfizer og Moderna i Alver frå veke 35

Frå og med 1. september vil mange av innbyggjarane i Alver som fekk Pfizer som dose 1 få Moderna som dose 2. Dette skuldast at vi får fleire vaksinedosar av Moderna og færre av Pfizer til Norge enn først venta.

­Du får den vaksinen som er tilgjengeleg når du kjem, og kan ikkje velje vaksinetype.  16- og 17-åringar skal førebels berre ha Pfizer-vaksinen.

Same vaksinetype – ulike produsentar

Både Pfizer og Moderna er mRNA-vaksiner. Den største skilnaden er at dei at laga av to ulike produsentar.

Er det greitt å kombinere Pfizer og Moderna?

Fleire nordmenn får tilbod om vaksine frå legemiddelprodusenten Moderna når dei skal ta 2. dose, sjølv om dei fekk vaksine frå Pfizer som første dose. Det å kombinere vaksiner gir like god beskyttelse og har ingen større risiko for alvorlege biverknadar enn det å få vaksine frå same produsent. Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler alle å takke ja til vaksinasjon, uavhengig av kva mRNA-vaksine dei får tilbod om. 

Moderna-vaksinen har vore i bruk i fleire kommunar på Austlandet sidan vaksinasjonen starta i vinter. I Storbritannia og Canada har dei i fleire månadar kombinert dei to vaksine-typane. Der har Pfizer blitt brukt til dose 1 og Moderna til dose 2 – og omvendt. Erfaringane visar at ein kombinasjon av dei to vaksinane gir  like god verknad som to doser av same vaksine.

Krev to dosar

Du treng to dosar for å få full effekt. Det bør gå 3-12 veker mellom første og andre dose. Dersom du får ein kombinasjon av dei to mRNA-vaksinane skal det gå minimum 4 veker mellom første og andre dose.

Reiser og kryssvaksinering

Har du fått ulike vaksiner på dose 1 og dose 2 og lurar på om du kan reise til utlandet? Trykk her for å lese meir om reiser og kryssvaksinering på nettsida til Folkehelseinstituttet.

Meir informasjon

Her kan du lese meir om vaksinen til dei to produsentane:

Kven kan få vaksine?

Alle personar som er født i 2008 eller tidlegare, og som bur eller oppheld i Alver i ein lenger periode kan få tilbod om vaksine her.

I tillegg kan personar som er født i 2009 og har fylt 12 år få vaksine.

Personar utan lovleg opphald i Noreg kan også ringe koronasenteret for å få vaksine.

Dose 3 til personar med nedsett immunforsvar

Personar med nedsett immunforsvar som skal få ei tredje dose med koronavaksine kan stille på drop-in utan å bestille time.

Kven kan få tredje dose?

Klikk her for å finne FHI si oversikt over sjukdommar og medisinliste for kven som kan få dose 3.  

Kva skal eg ha med på vaksinasjonsdagen?

For å få dose 3 må du ha med deg dokumentasjon som visar at du høyrer til ei av dei utvalte gruppene med alvorleg nedset immunforvar.

Dersom du er i ei av desse gruppene vil du få eit brev frå spesialisthelsetenesta/sjukehust som du kan ta med de år du møter til vaksinasjon.

Sidan dette kan ta litt tid, opnar spesialisthelsetensta for alternative måtar å dokumentere at du høyrer til ei gruppe.

  • Gruppe 1: Dersom du er i denne gruppa kan du vise fram notat frå sjukehuset der det står kva diagnose du har.
    • organtransplanterte, beinmargstransplantasjon siste 2 åra, eller pågåande graft versus hostsjukdom som krev immunsuppresjon
    • alvorleg dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5
    • avansert eller ubehandla hiv-infeksjon
  • Gruppe 2:  
    • Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak: Dersom du brukar immundempande medisin som står på lista frå dei fagmedisinske miljøa kan du ta kontakt med kommunen og vise fram dokumentasjon (journalnotat, resept/e-resept eller medikamentforpakning med namnet ditt) på medisinbruk
    • Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling må vente på brev frå spesialisthelsetensta, fordi det er viktig at dei gjer ein individuell vurdering for å få best effekt av vaksinen og unngå unødvendige biverknader.
    • Pasientar som ansvarleg legespesialist reknar for å ha nedsett immunforsvar, men ikkje er med i ei av gruppene over må også vente på eige brev frå spesialisthelsetensta.
Vaksine til gravide

Trykk her for å sjå Folkehelseinstituttet si oppdaterte vaksineanbefaling for gravide.

Vaksine til 12-15-åringar

Alle mellom 12 og 15 år i Alver får no tilbod om koronavaksine. 

Trykk her for å lese informasjonen som er sendt til alle føresette om korleis vi skal vaksinere denne aldersgruppa.

Begge føresette må skrive under samtykkeskjema og ta det med på vaksinasjonsdagen for at barnet skal kunne få vaksine. Trykk her for å laste ned samtykkeskjemaet for 12-15-åringar.

Viktig tilleggsinformasjon om vaksinering av 12-15-åringane:

Alle under 16 år må ha følgje av ein føresett. Den føresette må ha med id-kort. Vi minnar samstundes om at alle må ha med skriftleg samtykke frå begge føresette til vaksineringa. Har du spørsmål om samtykke eller følgje, ta kontakt med koronasenteret på 56 37 59 00 før vaksineringa.

Koronavaksine forklart på 1-2-3 for ungdom 12-15 år finn du på Folkehelseinstituttet si side. 

Les meir om vaksinasjon av barn og unge på Folkehelseinstituttet si side.

Samtykkeskjema på engelsh: Click here to download the consent form for parents/guardians for vaccination of children and adolescents under 16 years of age.

Vaksine til 16-17-åringar

Alle som er fødde i 2004 og 2005 får tilbod om koronavaksine.

Elevar som bur eller går på skule i Alver kan få vaksine i Nordhordlandshallen.

Ungdommane får beskjed via sin skule om korleis dei kan melde seg på til vaksinering.Ungdommar fødde i 2004 og 2005 som bur i Alver og ikkje får informasjon via skulen kan kontakte koronasenteret på 56 37 59 00 for å avtale vaksinasjonstid.

Samtykke frå begge foreldra må hentast inn for dei som ikkje er fylt 16 år på vaksinasjonsdagen. Klikk her for å laste ned samtykkeskjema. Hugs å ta med utfylt skjema på vaksinasjonsdagen!

Status for vaksinasjon i Alver

Status 10. september 2021

Andel vaksinerte
AldersgruppeDose 1Dose 2
12-15 11,2 % 6,4 %
16-17 76,7 % 14,6 %
18-24 86,5 % 77,1 %
25-39 81,5 % 70,2 %
40-44 85,6 % 80,4 %
45-54 90,3 % 84,1 %
55-64 94,5 % 90,8 %
65-75 over 95 % 94,6 %
75-84 over 95 % over 95 %
85 + 94,1 % 91,8 %

Vi har endra måten vi rapporterer vaksinestatus på. I staden for å liste opp kor mange vaksinar vi har sett kvar veke, fortel vi kor stor andel av dei ulike aldersgruppene som har fått vaksine.

Tala blir oppdatert på fredagar kvar veke.

På vaksinasjonsdagen
  • Ta med ID-kort (bankkort, sertifikat, pass eller liknande)
  • Ta med SMS-meldinga som viser at du har fått tildelt time denne dagen.
  • Vaksinen blir sett i overarmen. Det er difor ein fordel om du har på deg klede som er lette å ta av og på. Ha gjerne på deg ei korterma skjorte eller trøye.
  • Pass på at du held avstand til dei andre som også skal vaksinere seg denne dagen og følgjer smitteverninstruksjonane både utanfor og inne i vaksinasjonslokalet.
  • Sjølve vaksinasjonen tar berre nokre få minutt, men du må rekne litt tid til registrering og observasjon etter stikket. Du bør setje av minst ein time frå du kjem til du går.
Oppmøteplass og parkering

Massevaksinasjonen skjer i Nordhordlandshallen i Knarvik. Nordhordlandshallen har adresse Juvikstølen 25. Følg skilt og parkeringsvaktar i området. 

Treng du ein parkeringsplass nært hallen, anbefalar vi at du køyrer til baksida av hallen via vegen til Knarvik vidaregåande skule eller Knarvik barneskule.

Elles kan du parkere vis a vis ungdomsskulen, ved rådhuset eller bak kyrkja og gå til hallen.

Transport til vaksinasjonshallen

Helsedirektoratet har bestemt at reise til og frå vaksinering ikkje blir dekt gjennom pasientreise-ordninga.

Dette betyr at du må sørge for transporten sjølv. Dersom du ikkje køyrer bil eller kan ta buss, spør om hjelp frå familien eller nokon du kjenner. Har du TT-kort, kan du bruke dette.

Har du ingen andre moglegheiter, ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00, så skal vi hjelpe deg.

Er du sjuk på vaksinasjonsdagen?

Hald deg heime og meld ifrå til innbyggjarservice på 56 37 50 00 om du ikkje kjem, så finner vi eit nytt tidspunkt som passar.

Trykk her for informasjon om kva du skal gjere dersom du er sjuk eller mistenkjer at du er smitta med koronavirus.

Trykk her for sjekkliste til deg som har fått tilbod om koronavaksine.

Informasjon om koronavaksine på tegnspråk

Trykk her for informasjon om koronavaksine på tegnspråk

Informasjon om koronavaksine på ulike språk

Trykk her for informasjon om koronavaksine på ulike språk.[SAH1] 

Etterregistrering

Det opna for at EMA-godkjente koronavaksiner som er tekne utanfor Noreg kan bli etterregistrert.

Det er ikkje mogeleg å etterregistrere vaksiner i Alver kommune, dersom ikkje fastlegen din har eit slikt tilbod. Gå inn på fastlegen din si heimeside og finn ut om dette er ein teneste fastelegen tilbyr. Du kan også få etterregistrert vaksiner i privat helseteneste. Kommunen har ingen oversikt over private helsetenester som tilbyr dette.

Legg merke til at både hos fastlege og i privat helseteneste vil det vere ein kostnad ved etterregistreringa. Les meir om etterregistrering på FHI sine sider.

Kan eg få bevis på at eg har tatt vaksinen?

Trykk her for å kome til helsenorge.no der du kan logge deg inn og skrive ut ditt koronasertifikat. Sertifikatet kan visast fram digitalt, lastast ned eller printast ut. Det er og laga ei løysing for ikkje-digitale brukarar.


Sist oppdatert: 17.09.2021
Publisert: 16.12.2020