HeimKoronaSkular og barnehagar

Skular og barnehagar

Barnehagane og skulene følgjer trafikklysmodellen om grønt, gult eller raudt tiltaksnivå etter lokale vurderingar av den enkelte kommune. Det er ikkje lenger bestemt nasjonalt at alle barnehagar og skular må vere på gult nivå.

Barnehagar og skular i Alver held fram på gult nivå ut juni månad før vi går over på grønt nivå frå og med 1. juli.

Vi må framleis ha fleire tiltak for å redusere kontakt og halde avstand mellom tilsette og barn/elevar. Sjå kva som gjeld for dei ulike trinna i menyen under.

Kva tid skal barnet vere heime frå barnehage/skule?

Ikkje møt på skule eller i barnehage med nyoppstått luftvegssymptom eller sjukdomskjensle.

Har barnet fått vondt i halsen, og du er usikker på om barnet burde vere heime? Klikk her, og følg råda i flytskjemaet til Folkehelseinstituttet. (Oppdatert skjema 25. mars 2021).

Her kan du lese meir om kva du skal gjere viss barnet har akutt luftvegsinfeksjon.

Skular

Barneskule

Ikkje møt på skule eller i barnehage med nyoppstått luftvegssymptom eller sjukdomskjensle.

Klassane kan no vere samla på skulen sin. Gymsalar og garderobar har til no vore stengd. Meir informasjon om dette og annan praktisk informasjon får du frå rektor på skulen din.

Gult nivå for skule betyr følgjande:

  • Ingen sjuke skal møte på skulen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
  • Heile skuleklassar vert rekna som ein kohort
  • Tilsette kan veksle mellom kohortar/klassar
  • Trinnvise kohortar på SFO
  • Unngå trengsel og store samlingar
  • Eigne område i skulen sitt uteområde for ulike klasser/kohortar i pausar og friminutt

    Trykk her for å lese meir om trafikklysmodellen i barneskulen.

Ungdomsskular

Ungdomsskularskular er no på gult tiltaksnivå.

Trykk her for å lese meir om trafikklysmodellen i ungdomsskulen og sjå kva som gjeld

Høgare utdanning

Det er mogleg å vere på campus med forsterka smitteverntiltak. Tilgang til lesesalar og bibliotek. Større førelesningar og samankome bør ein unngå, undervisning i mindre grupper kan gjennomførast.

Trykk her for å lese meir om råd og tiltak ved høgskular, fagskular, universitet og folkehøgskular.

Vidaregåande skular

Vidaregåande skular er no på gult tiltaksnivå.

Trykk her for å lese meir om trafikklysmodellen i vidaregåande skular.

Kommunale barnehagar

Ikkje møt i barnehage med nyoppstått luftvegssymptom eller sjukdomskjensle.
Barnehagar skal følgje gult nivå i trafikklysmodellen, med mindre lokale helsemyndigheiter beslutter at det skal vere raudt tiltaksnivå med bakgrunn i den lokale smittesituasjonen. Barnehagane arbeider til ei kvar tid med å tilpasse drifta til retningslinjer gjeve frå staten og lokale helsemyndigheiter.

Gult nivå for barnehagane våre betyr mellom anna

  • Ingen sjuke skal møte i barnehagen
  • God hand- og hostehygiene, og forsterka reinhald. Handvask når du kjem i barnehagen.
  • Unngå trengsel på vei inn og ut av barnehagen. Hald avstand, minst ein meter.
  • Unngå fysisk kontakt mellom tilsette (handhelsing og klemming)
  • Kvar avdeling vert rekna som ein kohort. Kvar kohort kan samarbeide med annan avdeling. Faste tilsette per kohort
  • Unngå trengsel og store samlingar
  • Halde avstand mellom ulike kohortar.
  • Dele inn uteområde for å halde avstand mellom kohortar
  • Ved tilvenning på gult nivå må barnet og føresette halde seg til den kohorten barnet skal tilhøyre, og tilvenninga skjer primært i barnet si kohort. Føresette kan være inne saman med barnet og kohorten som barnet skal tilhøyre. Føresette bør halde ein meter avstand til tilsette, andre føresette og andre sine barn så langt det er mogeleg. Barn og føresette kan få bli kjend med resten av barnehagen, men helst når dei andre barna er ute.
  • Dersom det er tilsette/vikarar som arbeider i fleire barnehagar, må dei få opplæring i gjeldande lokale rutinar i kvar barnehage. Det bør tilstrebast å unngå å jobbe i ulike barnehagar same dag.
  • For spesielle tenester (PPT, logoped, spesialpedagog og andre) skal desse følgje basale smittevernrutinar etter gjeldande anbefalingar (god hand- og hostehygiene, ikkje møte opp ved sjukdom, osb.), men kan ellers utføre sitt arbeid som normalt.

Trykk her for å sjå utdanningsdirektoratet sin smittevernrettleiar for barnehage.

Vi skal framleis ta vare på barna sine behov for fysisk omsorg og sørgje for at alle born opplever tryggleik, å høyre til og trivsel i barnehagen. Kos og trøyst er framleis viktig for barna.

SFO

Det er ordinær opningstid i SFO. For nokre skular vil SFO tilbodet verte gitt ute første halve time om morgonen og siste halve time om ettermiddagen. Du vil få oppdatert informasjon frå din skule.

  • Kommunen har sett i verk tiltak for ekstra hygiene kring måltid. Alle barn må difor ha med seg mat (i matboks) og drikke (i drikkeflaske) både til skule og SFO.
  • Vi skal framleis ta vare på barna sine behov for omsorg og sørgje for at alle born opplever tryggleik, å høyre til og trivsel i skulen.
Skuleskyss

Det er ønskjeleg at vi avgrensar bruk av offentleg transport til eit minimum. Vi oppfordrar difor til at så mange som mogeleg syklar eller går til skulen. Ved bruk av skuleskyss kan søsken sitje saman, elles bør dei ha minst eitt ledig sete mellom kvarandre.

Hallar og garderobeanlegg

Trykk her for informasjon om hallar, garderobe- og idrettsanlegg

Leirskule

Informasjon om dette får du frå skulen din.

Smitteverntiltak i skulen

Skulane våre har allereie gode rutinar for smittevern, og vi har no oppdatert desse i tråd med smittevernrettleiaren for barneskulen og smittevernrettleiaren for ungdomsskulen.

  • Vi har ekstra fokus på reinhald – både på inne- og uteareala våre.
  • Ekstra hygiene kring måltid blir iverksett. Alle barn skal ha med mat og eigen drikkeflaske heimanfrå til skulen og SFO. Oppbevar maten i matboks.
  • Klassane blir delt i grupper av barn med faste tilsette. Det kan hende elevar vert gruppert saman med elevar og lærarar frå andre klassar
  • Trygg henting og bringing blir organisert av den einskilde skulen. Foreldre skal helst ikkje vere med inn på skulen.
  • Sjuke personar skal ikkje vere på skulen.
  • Deling av leiker og materiell som saksar, teiknesaker og liknande vert avgrensa.
  • Alle våre tilsette, samt vikarar, får opplæring i smittevern.
Smitteverntiltak i barnehage

Barnehagane våre har til ei kvar tid gode rutinar for smittevern, og under koronapandemien er desse oppdaterte i tråd med rettleiinga frå Folkehelseinstituttet.

Trykk her for å sjå rettleiingane som ligg hos Utdanningsdirektoratet.

Ingen skal møte i barnehagen hvis dei er sjuke. Dette gjeld både grønt, gult og raudt nivå.

Symptom på covid-19, særlig hos barn, kan vere milde og vanskelige å skilje frå andre luftveisinfeksjonar. Det er først og fremst personar med symptom som er smittsomme, og smittsomheita er størst idet symptoma oppstår. Dette er og grunngjevinga for at det er viktig å vere merksam på symptom som er nye, medan restsymptom etter ein gjennomgått luftveisinfeksjon er av mindre betyding for smittsomheit.

Meir informasjon om symptom, sjukdomsbilde og når ein kan gå i barnehagen finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Vi skal framleis ta vare på barna sine behov for fysisk omsorg og sørgje for at alle born opplever tryggleik, å høyre til og trivsel i barnehagen. Kos og trøyst er framleis viktig for barna.

Trykk her for meir informasjon om koronatiltak i barnehage

Trykk her for å lese koronainformasjon til føresette på fleire språk.

Viss barnet ikkje kjenner seg bra i barnehagen eller på skulen

Har barnet ditt symptom på sjukdom, også milde symptom, skal de ikkje kome i barnehagen eller på skulen. Det er ekstra viktig no at barna er heime i minst eitt døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Foreldre som har luftvegssymptom, skal ikkje følgje eller hente barn i barnehagen eller på skulen. Har foreldre eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal de heller ikkje kome i barnehagen eller på skulen.

Viss barnet blir dårleg, må de hente barnet så fort det let seg gjere.

Les meir om sjukdom i barnehagen i rettleiaren frå Folkehelseinstituttet.

Er det nokre barn det må takast spesielle omsyn til?

Barn og unge har så langt vist seg å ha svært låg risiko for alvorleg sjukdom med koronavirus. For å vere føre var kan likevel barn som har spesielle sjukdommar og diagnosar bli rådd til å unngå oppmøte i barnehage. På denne lenkja finn du meir informasjon i rettleiaren om barn med kroniske sjukdommar. Ta kontakt med styrar om barnet ditt har ein av diagnosane på lista.

Har de eller barna spørsmål?

Det er trygt for barna å gå på skulen og i barnehagen. Vi skal framleis ta vare på barna sine behov for omsorg og sørgje for at alle opplever tryggleik, trivsel og å høyre til.

Meir om trafikklysmodellen kan du lese på Utdanningsdirektoratet sine nettsider. Ta kontakt med barnehagen eller skulen din om du har spørsmål.

Du finn meir informasjon i smittevernrettleiaren for barnehagesmittevernrettleiaren for barneskulen og smittevernrettleiaren for ungdomsskulen.

I denne filmen forklarer Folkehelseinstituttet kvifor det er forsvarleg å sende barna i barnehagen. 

Treng du nokon å snakke med?

Synes du og/eller barna dine at kvardagen er vanskeleg og har behov for å snakke med nokon? 

Det finst mange hjelpetelefonar, som særleg rettar seg mot barn og unge:

Trykk her for å gå til lista vår over hjelpetelefonar for alle.

Betaling for SFO- og barnehageplass

Du skal ikkje betale for SFO og barnehage dersom det ordinære tilbodet er stengt. Du skal heller ikkje betale om du har ein samfunnskritisk jobb og nyttar deg av det ekstraordinære tilbodet i denne perioden.

Dette gjeld både for private og kommunale skular og barnehagar.

Har du utfordringar med å få betalt? Du kan logge på «min side» via heimesida vår www.alver.kommune.no og søkje om betalingsutsetting. Det vert automatisk innvilga 14 dagar betalingsutsetting når du søkjer via denne sida.

Du kan også kontakte oss på faktura.privat@alver.kommune.no.

No som barnehagane har opna igjen skal foreldre betale frå den dagen dei igjen fekk tilbod om plass.

Har du fått fall i inntekt som følgje av permittering? Då kan du søkje om redusert pris på barnehageplassen.

Oppseiing av SFO-plass

Lindås, Meland og Radøy sine vedtekter gjeld framleis med unntak av eitt punkt: Vi har samordna punkta om oppseiingstid, slik at det vert likt for alle.

Endringa gjer at det no er ein månads oppseiingstid på SFO-plass i Alver kommune. 

Trykk her for å lese meir om SFO og korleis du skal gå fram for å seie opp plassen din.


Sist oppdatert: 31.05.2021
Publisert: 09.11.2020