HeimKoronaNye koronatiltak for innbyggjarar i Alver

Nye koronatiltak for innbyggjarar i Alver

Alver kommune følgjer tiltaka og anbefalinga regjeringa har innført, gjeldande frå 20. januar og så lenge det er behov for dei.

Trykk her for å sjå dei nasjonale tiltaka på regjeringen.no

Reiser

Unngå reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig.

Reiser til studiestad kan reknast som ei nødvendig reise.

Hytteopphald i Noreg med folk du bur saman med vert ikkje fråråda, men følg dei lokale råda og reglane som gjeld.

Ankomst Noreg

Alle innreisande til Noreg må teste seg for covid-19 på grensa.

Utanlandske reisande må også framvise negativ test som er tatt under 72 timar før innreise til Noreg.

Alle innreisande til Noreg må registrere seg før dei kryssar grensa.

Alle innreisande må i karantene i ti dager.

Mogleg å gå ut av karantena etter tidlegast dag sju dersom den innreisande testar negativt for covid-19 to ganger etter ankomst.

Personar som ikkje har fast bustad (leigd eller eigd) eller eigna karantenestad i Noreg må opphalde seg på karantenehotell.

Bekreftelse på eigna opphaldsstad frå arbeidsgivar eller den som stiller opphaldsstaden til disposisjon må fremvisast ved ankomst til Norge.

(Nokre grupper har unntak frå desse reglane, slik som samfunnskritisk personell og barn under 12 år.)

Trykk her for informasjon om karantenehotell på regjeringen.no

Sosial kontakt

Alle bør avgrense sosial kontakt.

Det oppfordrast til å møte andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjester i tillegg til dei som allereie bur saman.

Dersom alle gjestene kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ein må likevel ikkje vere fleire enn at ein kan halde avstand.

Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.

Arrangement

Arrangement bør utsetjast eller avlysast.

Dersom eit arrangement likevel må avhaldast:

Maks ti personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leigde lokale. Dersom den private samankomsten
er utandørs, er grensa 20 personar.

Maks ti personar på innandørs arrangement, likevel 200 personar kor alle i publikum sit i fastmonterte seter.

I begravelsar kan det vere opp mot 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte.

Maks 200 personar på arrangementa utandørs, likevel 600 personar kor alle i publikum sit i fastmonterte seter.

Arrangement utsetjast dersom dei samlar personar frå fleire kommunar.

Skular og barnehage

Barnehagane og skulane er på gult nivå.

Kommunane kan oppretthalde raudt nivå i ungdomsskular og vidaregåande skular ut veke tre dersom dei har behov for å førebu overgang til gult nivå, eller skal ta ei lokal beslutning om å oppretthalde raudt nivå på grunn av smittesituasjonen.

I Alver går vi over til gult nivå, og barn og føresette får informasjon om overgangen frå sin skule. 

Høgare utdanning

Alle universitet, høgskular og fagskular bør bruke digital undervisning der dette er mogleg.

Alle planlagte arrangement bør vere digitale, og større forelesningar og samankomstar bør unngås.

Studentar i område utan høg smitte bør få moglegheit til fysisk undervisning minst ein gang i veka når det er mogleg å gjennomføre i mindre grupper og i tråd med smittevernrettleiarane.

Arbeidsplassar

Heimekontor for alle som har moglegheit til dette.

Butikkar

Alle kjøpesenter og butikkar bør innføre antallsavgrensningar og adgangskontroll slik at det er mogleg å halde avstand.

Restaurantar, kafear, barar

Forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangement.

Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykkar til det.

Trykk her for informasjonsmateriell til fri bruk for serverings- og skjenkestader.

Idretts- og fritidsaktivitetar

Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, og unntast frå anbefalinga om 1 meter avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten.

Barn og unge kan trene både ute og inne med sitt lag eller sin klubb, men kampar, cupar, stevner mv. for barn og unge må framleis utsetjast.

Vaksne anbefalast å ikkje drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan vaksne trene dersom det er mogleg å halde god avstand.

Toppidretten anbefalast å utsetje alt seriespel i to veker.


Sist oppdatert: 19.01.2021
Publisert: 12.11.2020