HeimNyheiter- Sommarjobb kan vere viktigare enn du trur

- Sommarjobb kan vere viktigare enn du trur

Sommarjobb kan vere ein god start og ein inngangsbillett til arbeidslivet, spesielt for unge arbeidssøkjarar.
Publisert: 10.05.2024
Sist endra: 10.05.2024

Det er framleis gode moglegheiter for å få seg sommarjobb. Dette seier leiar i NAV Nordhordland Jane Britt Daae.
- Mange arbeidsgivarar i Nordhordland treng arbeidskraft. Dagleg ser vi utlyste sommarjobbar, mellom anna innan helse og sosial, drift og vedlikehald, reinhald og butikk.

Positivt med tidleg erfaring frå arbeidslivet

Daae seier at sommarjobb kan vere ein god start og ein inngangsbillett til arbeidslivet spesielt for unge arbeidssøkarar.

– Ungdom i sommarjobb er viktig både for bedriftene og for ungdomane. Ein sommarjobb gjev ekstra pengar og i neste omgang eit konkurransefortrinn. Litt arbeidserfaring kjem godt med i tillegg til skulegang. Er arbeidsgjevar nøgd med jobben din kan det gi fortrinn når ein seinare skal ha jobb.

Forsking frå SSB viser at ungdom som har arbeidsinntekt før dei er 18 år i gjennomsnitt, tener om lag 100 000 meir seinare i livet enn dei som ikkje hadde. Å få tidleg erfaring frå arbeidslivet kan gi meistring, utvide nettverk og verdifull erfaring som kjem til nytte på fleire måtar, seier Daae.

"Jobbmot" hjelper ungdom til sommarjobb

- Er du ungdom (15 til 25 år), bur i Nordhordland og vil ha hjelp til å finne ein jobb eller finne ut kva du vil bli? Står du fast eller vil at noko skal skje no? Ta kontakt med oss, seier leiar for Jobbmot, Ane Bysheim. Føresette til ungdom kan også få råd og informasjon.

Framover vil Jobbmot prioritere sommarjobb og spesielt for dei som treng litt støtte eller ikkje har nettverk til å skaffe seg sommarjobb. Vi oppmoder også arbeidsgjevarar om å sjå på søknader frå ungdommar ein ikkje kjenner frå før. NAV har sommarjobb-tilskot til ungdom som har utfordringar med å komme inn i arbeidsmarknaden.

- Vi har god oversikt på sommar- og deltidsjobbar i heile Nordhordland, noko vi også deler på Facebooksida «Sommar- og deltidsjobb Nordhordland» seier Bysheim.

Kommunane og NAV i Nordhordland har etablert Jobbmot - Kompetansesenteret for ungdom og arbeid i Nordhordland. Vestland fylkeskommune og Nordhordland Næringslag er aktive samarbeidspartar i tilbodet. Målet er å gje ungdom frå 10. klasse til 25 år tverrfagleg hjelp til arbeid og utdanning, og sikre at arbeidsmarknaden tek i bruk den unge arbeidskrafta vi har i regionen.

Jobbmot har teieplikt, og tilbodet er frivillig og gratis. I pilotperioden har 188 ungdommar teke kontakt med ønskje om jobb.

Jobbmot kan du kontakte på telefon eller SMS: 94 13 62 0659 44 96 19.