HeimNyheiterSamarbeider med Skatteetaten for å stoppe useriøse leverandørar

Samarbeider med Skatteetaten for å stoppe useriøse leverandørar

Ein viktig del av kampen mot arbeidslivskriminalitet er å hindre at useriøse leverandørar får oppdrag. Difor har Alver kommune og Skatteetaten inngått ein avtale som skal førebygge at slike leverandørar får avtalar med kommunen.
Publisert: 06.05.2024
Sist endra: 06.05.2024

Avtalen gjeld for kommunen som innkjøpar og byggherre.

Skatteetaten skal gi opplæring i korleis kommunen kan nytte seg av opplysningar om skatte- og avgiftsforhold for å danne seg eit bilete av om verksemder er seriøse eller ikkje. Opplysningar om skatt og avgift kan krevjast både i forkant av kontraktsinngåing og i løpet av kontraktsperioden.

– Vi ser fram til dette samarbeidet. Det vil styrke kommunen sin kompetanse innan internkontroll, og gi ein tryggleik i at vi gjer det vi kan for å unngå at useriøse leverandørar får avtalar med kommunen. Vi får hjelp frå Skatteetaten og kan tipse dei slik at dei kan gjennomføre kontrollar på byggjeplassar, fortel innkjøpssjef i Alver kommune, Henriette Dale Bråthen.

Skatteetaten er glad for samarbeidet med Alver kommune og meiner det motverkar svart økonomi og arbeidslivskriminalitet.

– Skatteetaten har ein betydeleg innsats retta mot arbeidslivskriminalitet, både gjennom kontroll og førebygging. Vi fokuserer ofte på kontrollar og sanksjonar som verkemiddel for å redusere skatte- og avgiftsjuks. Men det er like viktig å ta i bruk krafta til våre medspelarar i samfunnet. I samarbeid med store innkjøparar som kommunane, kan vi bidra til at useriøse leverandørar ikkje får oppdrag. Difor er slike avtalar eit viktig verkemiddel i kampen mot arbeidslivskriminalitet, seier skattekrimsjef Erik Nilsen i Skatteetaten.